Kongen om uretten mot samane: – Vi har vel alle saman ganske dårleg samvit

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei lang historie bak det. Vi har vel alle saman ganske dårleg samvit trur eg, seier kong Harald til NTB.

Onsdag opnar han saman med kronprins Haakon det niande Sametinget i Karasjok. Og tysdag var han med då det viktigaste dokumentet til samane, Lappekodisillen, vart overført til Samisk arkiv i Kautokeino.

– Dette er ein stor dag for samane, så då var det heilt naturleg for meg å vere her, sa kong Harald.

Kongen har tidlegare bede Sametinget om unnskyldning for den urett den norske stat tidlegare har påført det samiske folket gjennom ein hard fornorskingspolitikk. Det same gjorde faren, kong Olav.

Kong Harald håper slike markeringar, som overleveringa av Lappekodisillen, kan bidra.

– Det er jo veldig fint. Kanskje det hjelper litt mot at vi ikkje har vore fullt så kloke i gamle dagar, seier kongen.

Fleire hundre år

Fornorsking er nemninga på den assimilasjonspolitikken norske styresmakter dreiv overfor samane og seinare òg kvenene og norskfinnane. Fornorskinga starta allereie på 1700-talet og vart ein klar politikk frå 1851.

Det historiske dokumentet Lappekodisillen frå 1751 var uttrykk for ein annan tankegang.

Riksarkivar Inga Bolstad (t.v) og sametingspresident Aili Keskitalo med Lappekodisillen. Foto: Åse M.P. Pulk/Sametinget/CC BY-NC-SA 2.0

– Kodisillen er eit barn av opplysingstida der ein vurderte samane som eit eige folk som hadde rett til «framtidig eksistens», altså at dei ikkje skulle assimilerast inn i den norske og svenske staten, slik politikken skulle bli seinare, sa jussprofessor Øyvind Ravna til NTB tidlegare i veka.

Skamplett

Diskrimineringa under fornorskingsperioden gjekk føre seg på mange vis, og norske styresmakter prøvde å tvinge samane, kvenene og norskfinnane til å gje opp språka sine. Frå 1880 var det ikkje lenger lov å bruke samisk eller finsk språk i Nordland, Troms og langs kysten av Vest-Finnmark, og det var forbode å snakke samisk i friminutta. Dette vart ikkje oppheva før i 1959.

I juni 2017 vedtok Stortinget å opprette ein sanningskommisjon for å granske konsekvensane av fornorskingspolitikken. Kommisjonen blir leida av Dagfinn Høybråten.

Rapporten deira skulle eigentleg leggjast fram hausten 2022, men dette er utsett til juni 2023 på grunn av koronapandemien.


– Det er mange unge samar som ikkje torer å ytre seg i den offentlege debatten fordi dei må representere og svare for eit heilt folk, seier Isaksen, og påpeikar kor destruktivt det er. – Det påverkar både det samiske og det norske demokratiet. Foto: Sara Angelica Spilling