«Teiknspråk inn i norskfaget»

Ingvild Halderaker
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Noreg er det over 16 000 brukarar av norsk teiknspråk, noko som gjer teiknspråk til eit stort språk i Norge. I språkloven blir teiknspråk omtala: «som språkleg og kulturelt utrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk».

Sidan teiknspråk er likeverdig med norsk er det viktig at det blir inkludert i ulike arenaer som for eksempel skulen. Teiknspråk er ikkje ein del av norskfaget sin kompetanseplan, noko som er underleg sidan over 16 000 menneskjer i Noreg bruker det, og det er likeverdig med norsk.

Sist helg hadde Kristeleg Folkeparti landsmøte, og eg var delegat for Oslo KrF. Etter å ha snakka med mitt engasjerte fylkesstyre i januar sende me inn eit forslag til partiprogrammet om at teiknspråk måtte bli ein del av norskfaget, på lik linje som samisk, kvensk romani, romanes og nabospråka våre.

Dette blei vedtatt, og er no noko KrF skal jobbe for, og eg håper me vil finne støtte hjå andre parti.

Auka inkludering

Det er viktig at elevane i den norske skulen får lære om historia og bruken av norsk teiknspråk. Dette vil bidra til ei auka inkludering, og ein anerkjenner kor viktig teiknspråk er. Samtidig vil det også vere positivt for rekrutteringa til å lære og studere teiknspråk, og det vil kunne bli meir relevant for skular å tilby teiknspråk som språkfag.

Noreg bør vere eit land som jobbar for å inkludere og sjå alle. Me treng eit teiknspråkløft, og eit meir berekraftig teiknspråkleg lærings- og språkmiljø.

Å få teiknspråk inn i norskfaget sin kompetanseplan er nødvendig. Det vil skape eit likt forhold mellom språka i Noreg, inkludere og tette eit kompetansehol.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Arbeidskvardagen som teiknspråktolk under koronapandemien er utfordrande, fortel Karoline Marie Hjertaas Johnsen. Foto: Privat