Dette er politikken til den nye regjeringa

Gratis skulemat, meir restriktiv rovdyrpolitikk, auke i CO2-avgifta og nei til å redde Ullevål sjukehus. Det er blant tinga Ap og Sp er samde om.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter lang tids forhandlingar la dei to partia onsdag fram politikken dei har vorte samde om utanfor Hurdalsjøen Hotell.

Dette er nokre av dei sentrale punkta i det 80 sider lange dokumentet dei har døypt «Hurdalsplattforma»:

  • Troms og Finnmark skal avviklast, og partia opnar òg for oppløysing av Viken.
  • Norske utslepp skal kuttast med 55 prosent mot 2030 samanlikna med 1990, og CO2-avgifta skal aukast opp mot 2.000 kroner i 2030.
  • Det samla skatte- og avgiftsnivået på folks inntekter skal haldast uendra. El- og drivstoffavgifta skal reduserast.
  • Medlemskapen i EØS og Nato ligg fast.
  • Kravet om at studentane må ha minst karakteren fire i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga skal bort.

Støre: Innfridd valløfte

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier partiet har fått innfridd alle dei 40 punkta i hundredagarsplanen dei la fram før valet i regjeringsplattforma.

– Dette er ei plattform vi er svært god tilfreds med i Ap. Stortingsgruppa slutta seg varmt til henne, og ho leverer på våre sentrale saker: Arbeid, velferd og klima, seier han.

– Dette har vi ikkje fått til gjennom å nedkjempe Senterpartiet, tvert imot har vi vorte samde om det aller meste i desse punkta, legg han til.

Tidlegare onsdag vart regjeringsplattforma godkjend av stortingsgruppene i dei to respektive partia.

– Vi har jobba som eit team for å finne dei beste løysingane, og eg er veldig fornøgd. No får vi ei regjering som ikkje køyrer over, men lyttar til og ser folk, og som utviklar heile Noreg, seier Vedum.

Ullevål-nederlag for Sp

Ap og Sp er samde om mykje, men det var på førehand knytt spenning til fleire av punkta i plattforma.

Avgjerda om at Ullevål sjukehus i Oslo skal leggjast ned som vedteke, er truleg tung å svelgje for Sp-leiaren. Under pressekonferansen påpeika han at det skal bli eit godt lokalsjukehus for Groruddalen med Aker sjukehus.

– Og så er det ei heilt kjend historie at vi har ulikt syn på den saka. Sånn er det i ei regjeringsplattform at ein må finne fram til dei gode, felles løysingane, og då har vi landa på den plattforma som er her no, seier Vedum.

Må forhandle

Ap og Sp dannar ei mindretalsregjering, noko som betyr at innhaldet i regjeringsplattforma òg vil bli gjenstand for forhandlingar i Stortinget.

SV er den føretrekte budsjettpartnaren til partia. Vedum seier Ap og Sp er klare for å forhandle om skatt og annan politikk i nasjonalforsamlinga.

– Vi meiner det er ei klar målsetjing at folk med vanlege, middels inntekter skal få lågare avgifts- og skattetrykk. Så må vi forhalde oss til at vi ikkje har vunne fleirtal, så her blir det rundar i Stortinget, seier han.


Oslo 20211012.
Regjeringens forslag til statsbudsjett for 2022 ble tirsdag presentert i Stortinget.
Foto: Javad Parsa / NTB