Eitt sjølvmord i verda per 40. sekund

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvmord tar fleire liv enn krig

På verdsbasis er det nesten 800.000 personar som tar sitt eige liv kvart einaste år, viser tal frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Sjølvmord tar dermed fleire liv enn krig, konstaterte WHO i ein rapport tidlegare i år.

Sjølv om sjølvmordsraten gjekk noko ned i perioden frå 2010 til 2016, det siste året det finst endeleg statistikk for, er talet på dødsfall stabilt sidan befolkninga i verda aukar.

Les også: Kjære ordførar! Hjelp generasjon prestasjon no! – Norske elevar må lære korleis ein skal kome gjennom vanskelege periodar, før det er for seint, skriv Sunniva Helene Dahlstrøm (16)

WHO meiner det må gjerast meir for førebygging

FN-organisasjonen WHO meiner det må gjerast meir for å førebyggje tragediane.

– Trass i framgang, døyr det éin person kvart 40. sekund som følgje av sjølvmord, konstaterte WHOs generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus i september.

Ifølgje WHO fann den staden 10,5 sjølvmord per 100.000 menneske i verda i 2016, det siste året det finst komplett statistikk for.

Les også: Sjølvmordsrisikoen redusert med ein firedel på éin generasjon

Over gjennomsnittet i Noreg

Sjølvmordsraten i Noreg var i 2016 på 13.3 per 100.000 innbyggjarar. Guyana toppa den dystre statistikken med 30 registrerte sjølvmord per 100.000 innbyggjarar, følgd av Russland med 26,5 sjølvmord per 100.000 innbyggjarar.

Litauen, Lesotho, Uganda, Sri Lanka, Sør-Korea, India, Japan og USA ligg òg høgt på lista (©NPK)

Frå Netflix-serien «13 Reasons Why». Foto: Beth Dubber/Netflix

Treng du nokon å snakka med?

Hjelpetelefonen til Mental Helse: 116 123 er ei døgnopen telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakka eller skriva med

Krisetelefonen til Kirkens SOS: 22 40 00 40 er ein døgnopen krisetelefon for menneske som er i følelsesmessig eller eksistensiell krise, og for den som tenker på å ta sitt eige liv. Kirkens SOS har også ein anonym chat på nettsidene sine https://www.soschat.no/, den er open på kveldstid.