I kjølvatnet av SV sin sonderingsavskjed, møter unge opp framfor Stortinget for å vise oljemisnøye.
mm
Desse stiller seg bak demonstrasjonen:
  • Fridays For Future Norge
  • Rød Ungdom
  • Spire
  • Changemaker Norge
  • XR ung
  • KFUK-KFUM Global
  • World Saving Hustle
  • Noereh
  • Sosialistisk Ungdom
  • Grøn Ungdom
  • Miljøagentene
  • Greenpeace Norge
  • Naturvernforbundet
LES FAKTALUKK FAKTA

– Sp og Ap avslører seg sjølv som endå ei fossilgrå regjering når dei nektar å rikke seg vekk frå oljeavhengnaden. Støre og Vedums største oppgåve er å gje oss ei leveleg framtid.

Det seier Lea Justine Nesheim, nestleiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

Natur og Ungdom og ei rekkje andre organisasjonar har mobilisert til demonstrasjon framfor Stortinget fredag klokka 12.

Klimaskuffelse

Etter at Sosialistisk Venstreparti trekte seg ut av sonderingane om regjeringssamarbeid, uttrykte fleire miljøorganisasjonar skuffelse. Bellona-leiar Fredric Hauge meinte Jonas Gahr Støre hadde gjort ei gedigen tabbe:

– Støre må ha trudd at SV var så regjeringskåte at dei ikkje meinte alvor med sine krav om endringar av olje- og klimapolitikken, sa han til VG.

I oljespørsmålet er Ap òg ueinig med sitt eige ungdomsparti. AUF krev nemleg ein stopp i nye leiteslisensar. Leiar Astrid Willa Hoem fortalde NRK torsdag at ungdomspartiet arbeider internt i partiet for å dra Ap i ei grønare retning.

– No forventar vi at Jonas tar klimaansvar og at dette blir ei klimaregjering, understreka ho overfor NRK.

Lea Justine Nesheim er nestleiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

Krev klimahandling

Dei unge som demonstrerer på Eidsvoll plass fredag har følgjande krav til Sp og Ap:

  • Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030
  • Ingen nye leitelisensar for olje og gass
  • Stoppe planlegginga av tredje rullebane på Gardermoen
  • Stoppe gruveprosjekta i Repparfjorden og Førdefjorden

– Vi krev klimahandling, og det må Ap og Sp framleis ha med seg til forhandlingsbordet, sjølv om SV er ute, seier Nesheim i pressemeldinga.


Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Oppdatert: sundag 3. oktober 2021 19.11
ANNONSE