Er vegetarburgarar sunnare enn kjøtt?

I butikkhyllene har det komme stadig fleire vegetarburgarar og andre kjøtterstatningsprodukt. Men er dei sunnare enn kjøtt? Vanskeleg å seie, meiner ekspertane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etterlikningar av kjøtt og kjøttprodukt er noko som har eksistert i fleire hundre år. Til dømes som tofu, laga av soya, eller seitan, laga av kveitegluten. Men dei siste åra har utvalet auka.

Produkta er plantebaserte, men i form kan dei minne om pølser, burgarar, karbonadar, bollar og farse eller deig. Er desse produkta sunnare enn pølser og burgarar av kjøtt?

– Direkte helseeffektar av plantebaserte etterlikningar av kjøttprodukt har vore for lite undersøkt til å seie noko klart om dei gir betre helse, konkluderer Nasjonalt råd for ernæring. Ekspertuttalen om vegetar- og vegankost vart publisert måndag, utarbeidd på oppdrag av Helsedirektoratet.

Ultraomarbeidd

Ekspertane beskriv at det er stor forskjell på dei ulike produkta, og at det er vanskeleg å gi ei samla vurdering.

– Mange av kjøtterstatningsprodukta på marknaden passar inn under nemninga «ultrabearbeidd mat», det vil seie at dei er laga med få eller ingen reine råvarer, men av omarbeidde ingrediensar – til dømes proteinisolat, olje, herda feitt, mjøl og stivelse, heiter det i uttalen, som først vart omtalt i Aftenposten og fagbladet Matindustrien.

Ofte er produkta baserte på isolerte planteprotein frå soya, kveite eller erter, og ikkje heile matvarer.

– Derfor bidreg dei positivt til proteininntaket, medan innhaldet av andre næringsstoff varierer mykje, heiter det i uttalen.

I uttalen heiter det vidare:

  • Soyabaserte produkt kan vere rike på jern.
  • Nokre produkt kan vere tilsette vitamin og mineral.
  • Produkt som ikkje inneheld animalske ingrediensar, er utan kolesterol.
  • Samtidig varierer feittinnhaldet mykje. Nokre produkt er tilsette kokosfeitt for å få ein kjøttliknande konsistens og har dermed mykje metta feittsyrer.

Kjøtt også omarbeidd

Ekspertane har òg diskutert at soyaprotein har ein kolesterolsenkande effekt, og at det blir forsterka dersom det erstattar matvarer med mykje metta feitt. Et ein mykje soya, kan ein ha lågare risiko for hjarte- og karsjukdom og nokre typar kreft.

– At dette òg gjeld soyabaserte burgarar, pølser og liknande, er det likevel ikkje grunnlag for å seie, sidan desse produkta ofte er tilsette mykje anna, heiter det i uttalen.

Men kjøttprodukta som desse produkta er laga for å erstatte, er òg omarbeidde. Og dermed er òg kjøttbaserte burgarar, pølser, farsar og deigar knytt til auka risiko for visse typar kreft, hjarte- og karsjukdom og andre kroniske sjukdommar.

– Sjekk næringsinnhaldet

Ekspertane understrekar at tilrådinga om eit hovudsakleg plantebasert kosthald gjeld grønsaker, frukt, bær, korn og belgvekstar i si naturlege form eller tillaga – anten til dømes kokt eller steikt.

– Dersom du skal velje mellom ulike omarbeidde produkt, bør du sjå på næringsinnhaldet i dei spesifikke produkta, då det er store forskjellar, er rådet.

Ekspertane viser òg til at det finst vegetarburgarar og liknande på marknaden som består av meir heile grønsaker og belgvekstar, og at desse kan vere å tilrå fordi det bidreg til auka intak av mat vi bør ete meir av, som nettopp grønsaker og belgvekstar.


Frå venstre: Sathana Josefine Sasikaran, Gaute Haukvik-Jensen, Elias Lund-Johnsen, Jakob Borge Sandbakk på Vollebekk skole i Oslo skal teste ut larvar.