Vi koloniserer framtidige generasjonar, ifølgje filosof. Kva er alternativet?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 02.11.2021 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«AKKURAT NÅ» lokkar forsida på Dagbladet.no, med ord som regelrett rullar over skjermen; på VG.no blir nyhendesaker innleia med «SISTE» og «NÅ» for å huka tak i lesaren. Felles for Noregs største aviser er at det er augneblinken som gjeld – det som går føre seg nett no, og ikkje eit sekund seinare.

Frå Friedrich Nietzsche til Thomas Hylland Eriksen: det er skrive mykje om vår korte, og stadig krympande tidshorisont. Nyleg kom også boka Korleis tenkje langsiktig i ei kortsiktig verd av samtidsfilosofen Roman Krznaric.

Han åtvarar mot klima- og miljøkonsekvensane av vår manglande evne til å tenkja langsiktig, og kjem til den kontroversielle konklusjonen at vi koloniserer framtidige generasjonar.

Koloniserte er nemleg alle som blir nekta representasjon i saker som angår dei. Framtidige generasjonar vil, ifølgje Krznaric, i aller høgste grad bli påverka av den politikken vi fører i dag, men er heilt utan høve til å påverka dei avgjerdene.

Kan vi ta omsyn til framtidige folk?

Men det er ikkje innlysande at vi kan ta omsyn til framtidige generasjonar. Eit vanleg motargument mot dette synet, er at dei som endar opp med å bli fødd i framtida uansett vil måtte vera takksame overfor tidlegare generasjonar: elles ville dei trass alt ikkje blitt fødde i det heile tatt.

Forskjellen på å gjennomføre drastiske klimatiltak som medfører at 1,5-gradersmålet blir overheldt, er truleg også at heilt andre framtidige menneske blir fødde enn om ein ikkje gjer det.

Det skal nemleg svært lite til for å endra kven som blir fødd. Om vi endar opp med å gjera svært lite med klimakrisa, er det ikkje openbert at dei unge som til slutt må leva med konsekvensane, kan klaga over tidlegare klimautslepp.

– Deira eigen eksistens skuldast desse klimautsleppa. Så dei kan ikkje vere verre stilt enn dei elles ville vore, som normalt er målestokken for om noko uetisk har funne stad.

Det seier statsvitar og filosof Aksel Braanen Sterri.

Klimapolitikken påverkar unge langt meir enn eldre. Bør vi derfor gi unge røyster meir vekt i klimaspørsmål? Filosof og statsvitar Aksel Braanen Sterri nemner fleire tenkelege løysingar på unge sin manglande representasjon. Foto: Matthis Kleeb Solheim

– Men intuisjonen er at det ikkje gir meining å tenkje på konkrete framtidige menneske på denne måten. Heller kan ein tenkje på snittmennesket – dei som kjem til å bli fødde uansett. Og overfor desse vil nok dei fleste tenkje at vi har visse forpliktingar, seier Sterri, og legg til:

– Dersom vi robba heile planeten for ressursar, slik at framtidige generasjonar ikkje hadde noko å leve av, så ville folk syntest at det var urimeleg. Vi skuldar dei ein leveleg planet.

Framtidsbyråkratiet!

Framtidige generasjonar kan ikkje delta ved val, men det betyr ikkje at dei ikkje kan bli tatt omsyn til, meiner Sterri.

Éin måte å gjera det på, er å gi meir makt til byråkratar og domstolar, slik at ein unngår at avgjerder blir tatt med sikte på å bli attvald få år seinare. Byråkratar og dommarar kan, i motsetning til politikarar, tenkje på framtida utan å miste jobben.

Ei anna løysing er å gi unge meir makt, basert på tanken om at unge i større grad deler interesser med framtidige generasjonar.

– Det spennande her er: kva er ei rettferdig fordeling av makt i avgjerder som påverkar somme meir enn andre? seier Sterri, og viser til at klimapolitikken har mest å seie for dei med lengst resterande levetid.

– Burde ein vekte røysteretten i visse saker etter kor lenge ein har igjen å leve?

All makt  i… barneombodets sal?

Eit anna forslag som har kome opp dei siste åra, er såkalla borgarforsamlingar. Her blir eit tilfeldig utval av befolkninga trekt ut til saman å diskutere og komma fram til tilrådingar i ei eller fleire politiske saker. Sterri er usikker på om dette er vegen å gå.

– Eg slit med å sjå korleis framtidige generasjonar skal kunne sitje ved bordet der. Då er det meir spennande med forslag som bringer unge inn i vurderinga. Eit framtidsombod beståande av ekspertar kunne til dømes undersøka kva konsekvensar visse politiske forslag vil ha for framtidige generasjonar.

– Men dette er framleis ganske tynt. Ein kunne gitt eit slikt ombod vetorett, men det ville folk ha reagert veldig på.

– Samstundes er det også veldig radikalt å vekta stemmer opp eller ned basert på kor viktig saka er for vedkommande. Det er i så måte ikkje sjølvsagt at unge burde ha 100 gonger meir innverknad i klimasaka enn eldre, men kanskje bør dei ha litt meir, spekulerer Sterri.

Partia er vegen til makt

Uansett: mange unge er allereie røysteføre. Blir dei inkludert i demokratiet?

Jana Birke Belschner er postdoktor, og arbeider med dette temaet ved forskingsinstituttet Chr. Mikkelsen Institute (CMI). Stort sett er unge svært underrepresentert politisk, seier ho. Noreg er her eit unntak:

– Noreg har eit av verdas yngste parlament, med forholdsvis mange under 30 år. Samstundes har ein sterke ungdomsorganisasjonar, som kan vera avgjerande, fordi dei har stor innverknad på partiorganisasjonane, forklarar Belschner, som understrekar at partia er vegen til makt i det norske demokratiet.

Jana Birke Belschner er postdoktor ved Chr. Michelsen Institute (CMI) og forskar blant anna på unges inkludering i demokratiet. Ho peikar på at det stort sett ser ganske dårleg ut for ung representasjon, men at det står litt betre til i Noreg enn mange andre stader. Foto: CMI

Ho meiner demonstrasjonar og klimastreikar kan vera viktige og skapa mykje merksemd, men at det først og fremst er gjennom partia og såkalla formelle kanalar at politiske endringar blir til.

– Det er viktig at politikarar held oppe kontakten med unge utan røysterett. Samstundes er det viktig at unge ikkje er redde for å bli med i formelle strukturar, slik som politiske parti.

Ut av tidsbobla

Det blir ofte sagt at kjernen av demokratiet består i at dei politikken har størst innverknad på, også skal ha størst innverknad på politikken. Men i klimasaka vil politikken først og fremst påverka folk som ikkje er fødd endå, eller som endå ikkje er røysteføre. Det er eit alvorleg demokratisk problem, seier Belschner:

– Politikarar er jo vald for fire år. Dei skal investere tid og pengar i politikk som ideelt sett skal vise resultat i løpet av fire år. Men klimasaka er ei sak der ein må investere ganske mykje ressursar no, for resultat som først vil bli synlege for framtidige generasjonar.

– Samstundes er det dei over 60 som i størst grad deltar ved val. Men dei eldre har heilt andre preferansar når det gjeld langsiktig politikk: dei er minst villige til å slutte med å fly, eller kutte ned i eigne liv for framtidige generasjonar si skuld.

På same tid blir befolkninga i Noreg og resten av den vestlege verda stadig eldre, påpeikar ho.

– Eldre kan sjølvsagt ha barn og barnebarn som bind dei saman med framtidige generasjonar. Men kva gjer ein når ein heil generasjon blir minoritet? spør Belschner, med tilvising til at det blir stadig færre unge som del av befolkninga.

Bryt ut av tidsbobla og bli tidsrebell! er Roman Krznaric si oppskrift. Tidsrebellar er dei som søker rettferd på tvers av generasjonar, med ein tidshorisont som strekk seg lenger enn si eiga levetid. Berre slik, skal vi tru filosofen, kan vi bli gode forfedre.


Klimademonstrasjon framføre Stortinget 1. oktober 2021. Foto: Birgitte Vågnes Bakken