Sara Vuolab (25) får Tabuprisen
Rådet for psykisk helse gir prisen til Vuolab for å belyse psykiske problem på samisk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sara Vuolab er ei modig ung kvinne som har løfta denne offentlege samtala ved å gje ut bok som skildrar eigne erfaringar med psykisk strev og liding, uttalar Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse i ei pressemelding.
Ho rosar Tabupris-vinnaren for å gje den samiskspråklege befolkinga eit innsyn i eit pågåande strev med psykiske plagar og lidingar.
Sara Vuolab frå Karasjok debuterte i 2019 med disktsamlinga Gárži. Tittelen blir omsett til «Trangt», og i dikta deler 25-åringen erfaringar og utfordringar med mental helse på eige morsmål, nordsamisk.
Våga ikkje snakke om det
– Eg kan påsta at eg enno lever med konsekvensane av å tie, det å ikkje våge å snakke om dei vonde kjenslene eg hadde då eg var yngre, fortalde forfattaren sjølv til Framtida.no tidlegare i år.
Vuolab fortalde då at oppveksten hennar var prega av mobbing, og at ho har slite med eteforstyrring, depresjon og angst. I Gárži skriv ho mellom anna om å vere trist og om skam.

– Eg er veldig stolt over meg sjølv, fortel Sara Vuolab om bokutgjevinga. – Og så er det godt å vete at ved å gje ut ei bok er eg med på å bidra samt påverke nokre aspekt i samfunnet – både innanfor litteratur, språk og helse. Foto: Privat
Før våga ikkje Vuolab å vere open om utfordringane sine, men i dag er ho oppteken av at ein må snakke høgt om psykisk helse.
– Det er så viktig å få det ut av tabulista fortast mogeleg slik at fleire får den hjelpa dei treng og i tide. Eg trur at ved å synleggjere desse utfordringane kan terskelen for å be om hjelp verte senka, sa Voulab.
Må løfte det samiske perspektivet
Rådet på psykisk helse peikar på at Vuolab gjennom diktsamlinga har bidratt med å forme det samiske språket ved å omtale tabubelagte psykiske problem.

Tove Gundersen. Foto: Rådet for psykisk helse
Generalsekretær Gundersen viser til rapporten «Unge samers psykiske helse», som skriv at det kan vere tabu å snakke om tema som psykiske vanskar og sjukdom i det samiske samfunnet, og at ein nærmar seg desse temaa på ein diskré og indirekte måte.
– Det at Sara er open medan ho framleis er i ein prosess der ho slit med eiga psykisk helse tilfører mykje verdi, og vil mest truleg føre til meir openheit i miljøa rundt ho, seier Gundersen i Rådet for psykisk helse.
Rapporten konkluderer med at helsetenestene til den samiske ungdomsbefolkninga må ta høgde for samisk kultur, morsmål, bustad, historie og levesett.
Gundersen meiner det er på tide å løfte det samiske perspektivet i det psykiske helsefeltet, og rosar Sara Vuolab for å løfte denne offentlege samtalen gjennom dikta sine.
Fakta
Tabuprisen
- Ein heiders- og ærespris frå Rådet for psykisk helse
- Kan bli gjeven til personar, organisasjonar og/eller verksemder som gjennom ord og handling gjer ein innsats for å byggje ned fordommar om psykisk helse, bryte tabu, fremje inkludering, omtanke og openheit om psykisk helse.
Kjelde: Tabuprisen