79 kvinner på Stortinget – ny rekord

Talet på kvinner med fast plass på Stortinget nærmar seg 50 prosent etter valet på måndag, viser førebelse tal.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det ligg an til at 79 kvinner og 90 menn er valde inn på Stortinget. Det gir ein kvinnedel på 46,7 prosent.

Likestillinga på dette området blir betre og betre for kvar valperiode. I 2017 vart 69 kvinner og 100 menn valde inn. Åretsval rettar ytterlegare på kjønnnsubalansen i nasjonalforsamlinga.

Prosentvis vil SV ha flest kvinner i gruppa si, med åtte av 13 innvalde (61 prosent).