Driv valkamp på dugnad: – Vi må finne vegen medan vi går

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi starta jo eit ungdomsparti midt under lockdown. Dei fleste har ikkje møtt kvarandre utanom på stand, seier Simen Bondevik.

Etter å ha vore ein profilert person i KrFU, har han no lagt den gule trøya på hylla. Når han står på stand på Karl Johans gate i haust, er det det ferske partiet Sentrum han kjempar for. Bondevik vart i fjor haust vald som leiar i ungdomspartiet.

– I går hadde vi 99 betalande medlemmer. Vi har ikkje eksistert lenge, og det er ein ekstra terskel for oss: Vi får lite mediemerksemd, vi får ikkje delta i skuledebattar, og folk må aktivt oppsøke informasjon. Likevel har hundre personar søkt oss opp og meldt seg inn. Det er stas, seier han.

Må finne vegen

Partia i Noreg får statsstøtte basert på kor mange røyster dei fekk ved førre stortingsval. Når ein ikkje har delteke i val, er stønaden 0, og partiet har ingen rike onklar eller store organisasjonar i ryggen. Dermed har ungdomspartiet verken eige partikontor, tilsette eller domene.

I staden sender styret e-post frå gmail-kontoar. Har dei behov for kontorplass, finst det ledige pultar på kontoret til advokat og Sentrum-leiar Geir Lippestad. Ein tek i bruk gratistenester og vel elles det billigaste.

– Alt kostar noko. Medlemssystem, nettsider, personvern, varslingsrutiner, administrasjon; alt dette har dei andre partia titals personar som jobbar med. Vi gjer det på frivillig basis, og vi har aldri gjort det før. Vi må finne vegen medan vi går. Det er ein stor dugnad, seier Bondevik.

Simen Bondevik forlét KrF til fordel for Sentrum. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Står inne for alt

Til vanleg studerer Bondevik medievitskap på Universitetet i Oslo, men dei siste vekene har det gått i valkamp frå morgon til kveld. Han legg ikkje skjul på at det vert godt å vakne opp tysdag 14. september, når valet er avgjort. Likevel skildrar han valkampen først og fremst som stas. Endeleg har han funne eit parti han kjenner seg heilt heime i.

Då han forlét KrF, var det mange som stilte spørsmål ved det.

– Mange sa, av omsorg: «Er du sikker på at det er lurt å forlate KrF, der du har ein garantert karriere?» Dei hadde gode intensjonar, men viss karriere er grunnen til at du er i politikken, er det noko som ikkje stemmer. Ein treng makt og innflyting for å få gjennomslag, men karriere som motivasjon synest eg ingenting om, seier han.

Han viser til at han hadde tre hjartesaker då han melde seg inn i KrF i 2013: ein offensiv klima- og miljøpolitikk, ein human asyl- og innvandringspolitikk og å kjempe mot fattigdom i verda og i Noreg. Han meiner at KrF gradvis har vorte dårlegare på felta og viser til kompromiss og samarbeid med Frp i regjering. Han peiker på at KrF endra kurs i 2018.

– Eg har alltid vore ueining med KrF i nokre ting, som abort og LHBTI+. Eg valde først å bli i partiet for å jobbe for endring internt, men partiet gjekk meir og meir i feil retning. Dei tinga eg før følte var fordommar mot KrF, har vorte til sanningar, seier han.

Ved sida av klimaet er kampen mot utforskap og diskriminering mellom dei viktigaste sakene for Sentrum.

– Når eg står på stand no, føler eg at eg kan stå inne for alt.

Niklas og Brage var nysgjerrige på kva Simen Bondevik kunne fortelja dei om partiet Sentrum. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Skulle vore lettare

Bondevik synest det har vore kjekt og utfordrande å vere med på å starte eit ferskt parti, mindre enn eit år før stortingsvalet. Han har fått større innblikk i demokratiet frå innsida. Han har òg hatt moglegheiter til å påverke. Då Sentrum skreiv partiprogrammet sitt, leia Bondevik klima- og miljøutvalet.

Bondevik skulle likevel ønske at demokratiet var meir tilgjengeleg i form av meir økonomisk støtte til nystarta parti, opplæring i byråkratiet og å få delta i skuledebattar. Han meiner òg at media burde informera betre om kva nye parti står for.

– Samstundes må ein gjere seg fortent til det. Eg meiner ikkje at ein må senke sperregrensa for å gjere det enklare for dei små partia. Eg trur det er fint at ein må ha ein viss representasjon av veljarar bak seg for å komme inn, seier han.

Bondevik seier at Sentrum no må vise at partiet har ein plass i norsk politikk, og motbevise politiske kommentatorar, ekspertar og andre politikarar.

– Folk i dei andre partia har eit behov for å seie at det er bortkasta å stemme på oss, og at det politiske landskapet vert fragmentert. Eg trur dei seier det fordi dei ser oss som ein trussel, seier Bondevik.

Sperregrensa skremmer

Då Unge Sentrum hadde det første landsmøtet sitt, vedtok ungdomspartiet nokre eigne uttalar. Elles følger ungdommane Sentrum sitt partiprogram.

– Når du melder deg inn i eit nytt parti, er du gjerne einig i politikken. Det er naturleg. Men vi skal byrje å utvikle vårt eige program etter valet, seier han.

Simen Bondevik trur Sentrum kan ha tosifra oppslutning om 10 år. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

På stand opplever han at mange er samde i politikken til Sentrum, men kvir seg for å røyste for eit lite parti utan realistisk håp om å krysse sperregrensa dette valet. Han ser likevel for seg at partiet kan stele veljarar på lang sikt: klimaveljarar som vil ha betre politikk om andre tema; SV-veljarar som vil halde på NATO og EØS-avtalen; Ap-veljarar som vil ha rausare innvandringspolitikk; veljarar som meiner KrF og V har gått for langt til høgre.

– Eg trur vi har eit stort potensial. Veljarar er redde for å kaste bort stemma si, men den dagen vi etablerer oss som eit nasjonalt politisk parti, trur eg er byrjinga på noko stort, seier han.

– Viktig arena

Guro Ødegård er forskar og instituttdirektør ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet. Ho har mellom anna forska på deltaking blant ungdom i frivillige organisasjonar, politiske parti og val.

Forskar Guro Ødegård

Forskar Guro Ødegård ved OsloMet. Foto: OsloMet

Ødegård slår fast at dei partipolitiske ungdomspartia er veldig viktige, ikkje minst for moderpartia, både som rekrutteringsarena og for opplæring i partipolitikken.

– Vaksne politikarar har ofte gått gradene i ungdomspartia. Vi ser òg at ungdomspartia utfordrar moderpartia, nokre i større grad, og gir viktige signal om kva framtida vil bringe, seier Ødegård.

Ho viser til at også media er opptekne av ungdomsparti og skuleval.

Ødegård seier at det er viktig å ha mange arenaer for mobilisering og deltaking i demokratiet. Ho drar òg fram ungdomsorganisasjonar utanfor partipolitikken, som Natur og Ungdom og 4H.

– Alle desse organisasjonane er viktige deler av demokratiet, seier ho.

Unge røyster annleis

Ødegård fortel at ein ser eit generasjonsgap i korleis unge og eldre stiller seg til politikken. Yngre veljarar er meir opptekne av klima, meir sekulære og meir liberale i innvandringspolitikken. I økonomiske spørsmål ligg dei gjerne lengre til høgre enn eldre veljarar.

– Men samstundes er ikkje strømningane vi ser typisk høgre–venstre-orienterte, seier ho.