Desse er dei yngste stortingsrepresentantane

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 14.09.2017 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir gøy å kome inn på stortinget, det gjer moglegheit til å utfordre den etablerte politikken litt. Eg vil vera ein utfordrar, riste litt opp i det som til no har berre gått sin gang, seier Freddy Andrè Øvstegård (SV).

– Det blir spennande å kome inn på Stortinget. Det er no arbeidet startar, seier Aleksander Stokkebø (H).

For få unge stemmer

Etter 90 prosent av stemmane er talt opp tyder prognosen på at Øvstegård og Stokkebø får kvar sitt mandat på stortinget. Ein gjennomgang av dei 169 representantane viser at Øvstegård og Stokkebø er dei yngste.

Øvstegård meiner unge er underrepresentert blant folkevalte i forhold til kor mange unge veljarar det er. Han vil gjera sitt for å gi ungdom ei stemme på stortinget.

– Ungdom har for lite plass, og spørsmåla dei tar opp blir ikkje tatt godt nok i mot. Difor vil eg ta i mot spørsmål og synspunkt frå unge med opne armar, seier Øvstegård.

Aleksander Stokkebø (H) etterspør også fleire unge politikarar.

– Me har mange flinke unge politikarar i dag, men det skulle gjerne vore fleire. Eg synest det er viktig å ha unge politikarar på stortinget fordi dei hugser korleis det er å gå på skulen. I tillegg er mange studentar sjølve. Eg studerer rettsvitskap på Universitetet i Stavanger, og vil blant anna jobbe for auka studiestønad og fleire studentbustadar, seier han.

Politisk generasjonskløft

Forskar Guro Ødegård ved Høgskulen i Oslo og Akershus meiner at spriket mellom resultatet av skulevalet og stortingsvalet kan bety at me ser ei gryande generasjonskløft i politikken. Mens stortingsvalet endte med eit borgerleg fleirtal, var skulevalet mykje raudare og grønare.

Øvstegård er einig i at det er ei kløft mellom unge og eldre veljarar.

– Eg trur me har gjor det bra blant unge folk fordi dei er meir opptatt av å jamne ut skilnader i samfunnet og av klima. For dei handlar det om framtida deira, seier han.

Enkeltsaker viktigast

Stokkebø peikar på dei ujamne resultata frå skulevala dei siste åra, og meiner det ikkje nødvendigvis er eit så stort gap mellom unge og eldre veljarar.

– I 2013 var det ein klar siger til Høgre og den borgerlege sida. Venstresida har jo vakse i år, men igjen så har Høgre heldt stand og Ap gått kraftig tilbake.

– Eg trur at enkeltsakar påverker meir enn sjølve ideologien. For eksempel har fråværsgrensa gitt gode resultat: fråværet stuper, fleire fullfører skulen og fleire lærar meir. Sjølv om det ikkje har vore så populært blant dei unge, stemmer dei fortsett Høgre, seier Stokkebø.

Les alt om stortingsvalet her!

  • Oppdatering 14.09: Etter finteljing av røystene tapte Aleksander Stokkebø kampen om direktemandat til Stortinget. Han blir likevel ny stortingsrepresentant så sant Bent Høie held fram som statsråd i regjeringa.