Oppmodar Solberg og Eriksen til å målrette bistaden til Afghanistan

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenker på desse menneska som no må leve eit usikkert liv under terroristar, under Taliban-styret og med fare for åtak frå andre terroristar, som IS. Eg redd for dei menneska som mistar tryggleiken sin over natta, og som rett og slett må leve eit liv i frykt.

At Taliban har tatt over makta i Afghanistan gjer Arina Aamir redd. Denne veka trekte dei siste amerikanske styrkane seg ut av landet, som no blir styrt av Taliban etter at dei kuppa makta.

Nestleiaren i Aker Unge Høgre er uroa for at menneska som bur der no skal bli fråtekne rettane sine og fridomen sin, slik ein har sett tidlegare når Taliban har styrt.

Må heve stemma

– Min største fridomskamp er noko så lite som å gjere nynorsk valfritt i skulen. Fridomskampen deira handlar om liv og skulegang, seier Aamir på telefon til Framtida.no.

Ho meiner dei som har ei stemme må heve ho for å hjelpe dei som treng det i Afghanistan.

– Eg er heldig som er fødd og oppvaksen her. Det handlar litt om flaks, eg kunne like gjerne vore ei av dei jentene i Afghanistan som no har blitt fråtekne alle sine moglegheiter og rettar. No står dei i fare for å ikkje kunne gå ut utan å måtte dekkje seg til, og å vere avhengige av ein mann resten av livet.

Arina Aamir, nestleiar i Aker Unge Høgre. Foto: privat

Målretta bistand

Arina Aamir seier at vi no ser eit Afghanistan som er på veg til å gå tilbake til slik styret var der for 20-30 år sidan. Taliban har sagt at dei vil gi kvinner rettar, men mange er uroa for om dei vil halde ord, blant dei Unge Høgre-politikaren.

Ho kjem difor med ei oppmoding til statsminister Erna Solberg (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H):

– Eg ønskjer å utfordre Erna og Ine til å rette meir fokus på å hjelpe barna og spesielt desse jentene og dei menneska som lir. For hjelpa vi kan gi gjennom bistanden vår i nærområda kan vere ideell for å sikre desse jentene den fridomen dei har krav på, dei moglegheitene dei fortener og sørgje for at dei får levd eit liv der dei har mogleheit til å oppnå måla og draumane sine, og ikkje eit liv der dei må leve undertrykte og i fare.

Ho trekker fram at Noreg må bidra til at jenter i området får utdanning.

Setje inn hjelpa der ho trengst mest

Unge Høgre-politikaren meiner det vil ha større effekt å målrette bistanden til nærområda rundt Afghanistan.

Aamir viser til at flyktingane vil sleppe den farlege reisevegen, samstundes som det vil vere enklare for dei å integrere seg i eit samfunn som er ganske likt deira eige samanlikna med det norske samfunnet.

– No har venstresida vore veldig på dette med å ta imot fleire flyktningar, men eg tenker at dei som har mogelegheita til og økonomien til å flykte er veldig få. Det er kanskje eit par hundre vi får hjelpt her i Noreg. Då tenkjer eg det er viktig å sette inn hjelpa der ho trengst mest, seier ho.

– Kan ha fleire tankar i hovudet på same tid

Alberte Tennøe Bekkhus i Raud Ungdom deler bekymringa til Arina Aamir for menneska i Afghanistan.

– Situasjonen er hjarteskjerande, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho meiner at Noreg i tillegg til å hjelpe gjennom bistand har ei plikt til å ta imot fleire flyktningar frå Afghanistan. Raud Ungdom-leiaren seier partiet alltid har vore imot innblandinga i Afghanistan, og at å ta imot dei som treng hjelp no er det minste vi kan gjere.

– Sjølvsagt kan vi også styrkje den humanitære hjelpa, bidra til gjennoppbygging, men vi må klare å ha fleire tankar i hovudet på same tid, seier ho og legg til at ho synest det er ansvarsfråskriving frå høgresida å seie at det ikkje hjelper å ta imot fleire og at vi berre skal hjelpe dei der dei er.

Bekkhus meiner at Noreg no må hente heim att dei afghanarane som har blitt tvangsreturnert. Raudt føreslår i ein interpellasjon til bystyret i Oslo å oppheve den øvre grensa på tal på flyktningar som kan kome til kommunen og at Oslo i år skal ta imot flykningar frå Afghanistan i tillegg til kvoteflyktningar, skriv Avisa Oslo.

Raud Ungdom-leiar Alberte Tennøe Bekkhus heldt appel under ei markering for Afghanistan framføre Stortinget måndag. Markeringa var i regi av Raudt Oslo sitt solidaritetslag. Foto: Åsa Linusson/Raudt

Bekkhus synest vi både kan hjelpe flyktningar i Noreg og i nærområda til Afghanistan.

– Eg tenker ja takk begge delar. Vi må hugse at det kan vere vanskeleg og kaotisk i nærområda også, så dei kan trenge at vestlege land bidrar med å ta imot folk. Eg synest det er dumt å setje opp det som ei motsetjing, og så synest eg det er usolidarisk å seie at vi ikkje skal ta imot folk. Vi har eit ansvar.

UD: – Noko vi absolutt må vurdere

Framtida.no har bede statsminister Erna Solberg (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) om å kommentere oppmodinga frå Arina Aamir i Unge Høgre.

Ingen av dei har svara, men statssekretær Jens Frølich Holte (H) svarar for UD.

– Aamir sine poeng er gode og kjem på eit bra tidspunkt. Vi gjennomgår no innretninga på bistanden, skriv han på e-post til Framtida.no.

Foto: Fotograf Sturlason/UD

Holte fortel at dei vil halde fram sitt engasjement for kvinner og jenter i Afghanistan.

– Vi følger situasjonen tett for å kunne vurdere kva som er best mogleg strategi. Om tiltak i regionen kan bidra til ein betre situasjon er noko vi absolutt må vurdere.

Statssekretæren utdjupar at situasjonen i Afghanistan er uoversiktleg og utviklar seg raskt. Planlagte utbetalingar av bistand vil difor ikkje bli gjennomført no. Den norske støtta til naudhjelp og humanitær innsats for den afghanske befolkninga blir ikkje rørte av denne stansen.

– Noreg har ikkje direkte bistand til Afghanistan sine styresmakter, men halvparten av den langsiktige bistanden til landet går gjennom FN og Verdsbanken. Resten går i hovudsak til norske og internasjonale organisasjonar. Tidlegare i år var det planlagt utbetaling av om lag 700 millionar kroner i bistand til Afghanistan, men no er ikkje dette måltalet like aktuelt, skriv han.

UDI opplyste onsdag at Noreg henta ut 860 afghanarar i evakueringa frå flyplassen i Kabul.


Les også om antiterrorlova på Filippinane: – Skremmande at du kva tid som helst kan verte merkt som terrorist

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac