Nytt initiativ skal undersøke ytringsfridom blant unge
Korfor er det stadig fleire unge som kvir seg for å seie det dei meiner? Det skal den nasjonale satsinga Ung Ytring 2030 undersøke.

Målet er at fleire unge skal ta – og få plass, fortel prosjektleiar Eliana Hercz, i ei pressemelding.
– Vi vil høyre dei fortelje kvar skoen klemmer: Kva er det som møter dei når dei ytrar seg? Kva arenaar er dei på? I kva samanhengar unngår dei å seie kva dei meiner? Veit dei sjølv forskjellen på hets og på ueinigheit?
Initiativet som blir lansert 29. april er eit samarbeid mellom Norsk PEN, Human-Etisk Forbund, Fritt Ord og Noregs institusjon for menneskerettar (Nim).
No er det opna for at unge mellom 16 og 26 år kan søke om å bli med på prosjektet.
Hercz understrekar kor viktig det er med tidleg trening i å tole meiningsmotstand.
– Jo tidlegare vi møter synspunkta til andre og lærer å stå i ueinigheit, desto betre rusta er vi til å forme samfunnet vi skal vekse opp i, leve i og ein dag kanskje leie, seier ho.