Hatytringar aukar i omfang: – Ein farleg tanke at ord ikkje skadar

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 26.08.2020 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Enkelte ytringar har lært meg at ytringsfridomen ikkje er gratis, men har sin pris. Sjølv om det er synd å seie, er hatytringar noko du må venne deg til for å vere med i politikken.

Det seier Hamza Ali, som no er innstilt som ungdomskandidat til Stortinget for AUF i Rogaland. Han har sjølv merka hatytringar på kroppen, og meiner vi bør ta grep for å få bukt med problemet.

– I dag slit veldig mange unge med sin entré i politikken. Samfunnet vårt må ta eit oppgjer med hatefulle ytringar: Vi må setje tydelege grenser, slik at alle politiske meiningar får plass i offentlegheita utan å forvente hets. Samstundes bør politiet ta grep, og sørge for at dette får konsekvensar.

Les også: Hamza Ali vurderte å slutta i politikken på grunn av netthets

Grunnar til grums

– Enkelt sagt er det to ting: Det første er den tekniske moglegheita til å ytra seg på internett, der kvar og ein er sin eigen redaktør. Det andre er at vi lever i ei tid med betydeleg politisk og verdimessig polarisering, som nettopp er kjenneteikna av at sterkare uttrykk blir brukt.

Slik forklarar Lars Gule, førsteamanuensis ved Oslomet, at hatefulle ytringar har blitt langt meir utbreidd i det offentlege ordskiftet. I si trusselvurdering for 2020 trekk PST fram hatytringar og radikalisering i sosiale medium som ein av dei viktigaste truslane vi står overfor.

Det betyr ikkje nødvendigvis at det er fleire enn før som har hatefulle meiningar, påpeiker Gule.

– Det kan vera snakk om nokre få som opptrer på mange arenaer. Eg diskuterte ein gong med elleve profilar som seinare viste seg å vera éin og same person. Vi må gå til meir systematisk forsking enn å telja innlegg for å finna ut om det er fleire enn før.

Lars Gule har ei doktorgrad i filosofi og er i dag førsteamanuensis ved OsloMet, der han mellom anna underviser om mangfald, ekstremisme og Midtausten. Foto: Sonja Balci/OsloMet

– Eit angrep på demokratiet

– Kva gjer hatytringar med det offentlege ordskiftet?

– Det er øydeleggande. Det er heilt øydeleggande, og det er eit angrep på demokratiet. Demokratiet føreset likeverdige borgarar, med lik rett til å delta i val og ytra seg. Hatytringar krenkjer denne likskapen, og å rokka ved dette er eit regulært angrep på demokratiet sin føresetnad, nemleg likeverda mellom borgarar.

Gule stiller spørsmål ved skiljet mange gjer mellom ord og handling i denne samanhengen.

– Det er ein farleg tanke at ord ikkje skadar, seier Gule, og legg til:

– No blei nettopp ein av bakmennene knytt til folkemordet i Rwanda pågripen. Han eigde ein radiostasjon som egga til drap på tutsiar. Oppmodingane – av typen «vi må utrydda kakerlakkane» – var berre ord, men det var ord som folk følgde opp.

Gule, som har arbeidd mykje med temaet ekstremisme, meiner det er langt ifrå vilkårleg kven som blir råka av hatefulle ytringar.

– Det er ganske opplagt at dette rammar ulikt. Hatet kjem nettopp av tilhøyrsle til bestemte grupper, og rammar difor både individ og gruppa som heilskap.

Virtuell naturtilstand

Livet i naturtilstanden, skreiv 1600-talsfilosofen Thomas Hobbes, er «nasty, brutish, and short». Ikkje fordi menneska er fæle vesen, men fordi dette er den logiske måten å te seg på i fråværet av ei statsmakt som held folk i age.

I vår tids virtuelle naturtilstand er terskelen for å ytra seg senka, men det har også medført at me tillét oss å seia nesten kva som helst. Ein får attpåtil bonuspoeng for å la pannelappen ligga igjen i den verkelege verda:

– Algoritmane er utforma på ein måte som fremmar nettroll og ekstremistisk innhald. Hat får meir merksemd, innlegg som skaper temperatur blir fremma.

Det seier Gerald Folkvord frå Amnesty International i Norge. Han er uroa over at ekstreme haldningar blir stimulert, og over konsekvensane av at desse får verka uhemma.

Politisk rådgjevar i Amnesty International. Gerald Folkvord Foto: Amnesty International Norge

– Algoritmane kanaliserer meg til mine eigne haldningar, og dette er del av forretningsmodellen om å halda meg der lengst mogleg. Det funkar ikkje viss ein heile vegen blir konfrontert med ting ein må tenkje over. I staden viser ein det du er einig i, ein forsterkar bestemte haldningar, medan tilgang til anna informasjon blir vanskeleggjort, fortel Folkvord.

Han viser til Myanmar, der Facebook blei brukt som kanal til å hissa opp folk og mobilisera til overgrep.

– Det var ikkje Facebook si skuld, men måten Facebook fungerer på er ekstremt farleg.

Samanhengen mellom jus og moral

Det vakte sinne hjå Donald Trump, den amerikanske presidenten, då Twitter nyleg byrja merka enkelte av innlegga hans med åtvaringar om at innlegga oppmoda til vald – eit brot på Twitter sine retningslinjer. Sidan har mikrobloggtenesta blant anna utestengd den høgreradikale kommentatoren Katie Hopkins frå plattformen.

Facebook har i teorien liknande reglar, men har kritisert Twitter for den nye kursen. Diskusjonen dei to imellom føyer seg inn i den større diskusjonen om ytringsfridomens grenser.

Kommentaren stod på trykk i kommentarfeltet til Avisa Nordland på Facebook 2. august i fjor. Foto: VG.

Det finst ei rekke innskrenkingar av ytringsfridomen. Til dømes har legen din teieplikt, og det er brei semje om at visse typar informasjon høyrer heime i den private sfæren – ikkje i den offentlege. Ytringsfridomen er såleis ikkje absolutt: tidvis blir både truslar og hatefulle ytringar slått ned på i norske domstolar, som den historiske dommen frå i fjor då ein person for første gong i norsk rettshistorie vart dømd for samehets.

Viss det er slik at minoritetsgrupper trekk seg frå ordskiftet på grunn av eit meir hatefullt debattklima, bør ein kanskje handheva dette strengare, slik at alle, minoritet som majoritet, får lik tilgang på ytringsfridom, likt høve til å delta i ordskiftet?

– Lovverket er ikkje det vi skal bruke for å oppretthalde anstendigheit og moral – det er vårt felles ansvar, meiner Gule, men føyer til:

– Somme gonger skal det vere samanheng mellom jus og moral: blir avstanden for stor, fell samfunnet ifrå ein annan. Difor er det òg naudsynt å nytte domstolane i dei grovaste tilfella av hatytringar.

Viktoria Langmo Petersen stilte i retten iført kofta saman med far sin, som politimelde ein mann i femtiåra frå Meløy i Nordland for samehets på Facebook. Då dommen kom i februar 2019 var det første gong i historia at ein person vart dømd for samehets. Foto: Hans Petersen

– Digitaliseringa går raskare enn vår evne til å lage spelereglar

Forfattar Nancy Herz skal leia det nyleg nedsette Ungdommens Ytringsfridomsråd. Ho ser både positive og negative sider ved revolusjonen som har skjedd innan kommunikasjonsteknologi og sosiale medium.

– Det er både fordelar og ulemper med at alt er så digitalisert, nettopp på grunn av at ein har den korte responstida. Om vi brukar digitale verktøy og flater på ein god måte, så kan det vere ein fordel at fleire torer ytre seg – terskelen vert lågare for å bruke stemma si, enn om ein lyt sende noko til avisa.

Herz understrekar at det er på høg tid med ein diskusjon om ytringsfridomens møte med digitalisering.

– Noko av det som er interessant å snakke om er om digitaliseringa går raskare enn vår evne til å lage spelereglar for samfunnsdebatten. Ein kan argumentere for at vi har gått litt for fort fram, men vi må prøve å henge med. Den førre Ytringsfrihetskommisjonen la fram ein NOU i 1999. Då var eg tre år gammal, og internett og sosiale medium har utvikla seg mykje sidan då. Det å ha ein diskusjon om ytringsfridom i den konteksten vi har i dag er viktigare enn nokon sinne.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.