Fosen-aktivistar hadde tolkeutfordringar: – Undertrykker språket vårt

Fleire av aktivistane opplevde at dei ikkje fekk forklara seg fritt og uavbrote på morsmålet sitt under rettssaka.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det blei veldig oppdelt. Eg fekk ikkje fram meiningane mine før tolken måtte kome inn og omsette, seier Mihkkal Hætta (23) til NRK.no.

Fleire av dei samiske aktivistane som er tiltalt etter Fosen-aksjonane i Olje- og energidepartementet i februar i fjor hadde varsla på førehand at dei ville forklara seg på samisk.

Oslo tingrett hadde tolk, men det var ikkje lagt opp til simultantolking då rettssaka starta måndag 11. mars. Dette gjorde at aktivistane måtte stoppe undervegs for å venta på tolkinga.

– Undertrykker språket vårt

Då Hætta forklarte seg måtte tolken sitja ved sida av han og dela mikrofon. Hætta seier til NRK at han er trist for at han ikkje fekk forklart kva han opplevde på ein skikkeleg måte.

– Det viser kva situasjon språket vårt er i, i storsamfunnet, når dei ikkje klarer det eingong. Dei undertrykker språket vårt. Det er ikkje like viktig som norsk. 

Òg Elle Rávdná Näkkäläjärvi og Elle Nystad opplevde utfordringar knytt til tolking, som gjorde at Nystad måtte gjennomføra delar av forklaringa si på norsk.

På dag to var hovudtelefonar på plass slik at aktivistane kunne simultantolkast til dommaren, men medtiltalte Mari Qviller er norskspråkleg og opplevde utfordringar knytt til at ho ikkje fekk med seg heile forklaringa til ein av dei andre tiltalte.

– Det er ei skam at det ikkje er betre tilrettelagt for å snakka samisk i den norske tingretten, sa ho til Framtida.no.

Oslo tingrett beklagar

– Me beklagar dei tekniske problema, og forstår frustrasjonen rundt dette, men det er ikkje eit uttrykk for at tingretten undertrykker det samiske språk, skriv kommunikasjonssjef i Oslo tingrett, Irene Ramm, i ein e-post til NRK.

Ho understrekar at det ikkje er lovfesta krav til korleis tolkinga skal gjennomførast og at dei tiltalte gav uttrykk for at det var greitt å ha tolken ved sida av seg.