Dette er nynorskprosenten i departementa: – Ein hån mot nynorskbrukarane

Norsk Målungdom vil at departementa som bryt språklova, skal straffast. Dei dårlegaste hadde under 5 prosent nynorsk i 2025.

Åshild Slåen
Publisert

– Poenget med ei lov er at ho skal verta følgt. Dei har hakk i plata og seier at dei skal gå gjennom rutinane sine, men det gjer dei kvart år.

Det skriv Sebastian Natvik, leiar i Norsk Målungdom, på e-post. Førre veke kom Språkrådet med statistikk over kor mykje nynorsk dei forskjellige departementa brukar, ifølgje NRK. Dei har sett på dokumenta til regjeringa, i tillegg til innhald på nettsidene deira.

Det var NRK som først omtalte saka.

Språklova krev at statlege institusjonar har minst 25 prosent nynorsk. Berre fem av seksten departement fekk til dette.

– Departementa og fleire institusjonar stadfestar berre det vi i Målungdomen har påpeikt over lang tid. Vi treng sanksjonar for brot på språklova. Poenget med ei lov er at ho skal bli følgt, skriv Natvik.

Nedst på lista hamna Klima- og miljødepartementet med berre 3 prosent nynorsk.

Sjå heile lista nedst i saka.

Skal bli betre

– Som offentleg organ har vi plikt og ansvar for å bruke begge målformene. Men i fjor gjorde vi ein for dårleg jobb, og det har vi teke konsekvensane for i år, seier departementsråd Tom Rådal frå Klima- og miljødepartementet til VG.

Han forklarer at dei har gått bort frå nokre faste publikasjonar som alltid vart skrivne på nynorsk. Det har gjort at departementet fekk ein mykje dårlegare nynorskprosent i 2025, men han lovar ei betring i år.

– I 2026 skal vi ha ein nynorskprosent på 25 prosent, og så langt ligg vi an til å klare det.

Energidepartementet kjem best ut

Natvik peikar på at ikkje alle gjorde det dårleg. På toppen tronar nokon som fekk til 50 prosent nynorsk.

– Det er fleire kommunikasjonsavdelingar som burde besøkje Energidepartementet, som i år har jamstilt bokmål og nynorsk heilt, skriv han.

Han merkar seg at tala svingar frå år til år blant fleire, og meiner det minste burde vere 25 prosent nynorsk.

– Noko mindre enn dette er ein hån mot nynorskbrukarane, og syner berre til at kommunikasjonsavdelinga ikkje kan gjere jobben sin.

Nynorskprosenten i dei forskjellige departementa

  • Energidepartementet: 50 prosent
  • Kultur- og likestillingsdepartementet: 38 prosent
  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet: 36 prosent
  • Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet: 27 prosent
  • Kunnskapsdepartementet: 25 prosent
  • Samferdselsdepartementet: 16 prosent
  • Landbruks- og matdepartementet: 16 prosent
  • Kommunal- og distriktsdepartementet: 15 prosent
  • Barne- og familiedepartementet: 15 prosent
  • Finansdepartementet: 11 prosent
  • Justis- og beredskapsdepartementet: 9 prosent
  • Helse- og omsorgsdepartementet: 8 prosent
  • Forsvarsdepartementet: 7 prosent
  • Nærings- og fiskeridepartementet: 5 prosent
  • Utanriksdepartementet: 4 prosent
  • Klima- og miljødepartementet: 3 prosent

Kjelde: NRK