NTNU toppar lista over Noregs største studiestader
Rekordmange studentar byrja på norske universitet og høgskular i fjor. Veksten er størst blant høgskulane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den største studiestaden i Noreg er Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) med 41.900 studentar hausten 2020. Det betyr at 14 prosent av alle norske studentar valde å studere ved NTNU, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.
Vidare følgjer Universitetet i Oslo (UiO) med 26.550 studentar i fjor og Oslomet og Handelshøyskolen BI, med høvesvis 21.300 og 21.000 studentar, ifølgje tala.
Dei er igjen følgd av Universitetet i Bergen og Universitet i Søraust-Noreg, og i 2020 gjekk over halvparten av norske studentar ved ein av desse seks studiestadene.
Det er likevel høgskulane som har hatt størst vekst, og i 2020 auka talet på studentar ved Handelshøyskolen BI og Høgskolen i Innlandet med 9 prosent frå året før. Blant dei mindre studiestadene skil Høgskolen i Molde seg ut, med ein vekst på 17 prosent i same periode, medan Høgskolen Kristiania hadde ein vekst på 41 prosent.
Nedgangen i studentar var størst hos UiO med 2 prosent, som er tredje år på rad universitetet har ein nedgang i talet på studentar.