UiO klatrar medan UiB fell på topplista over dei beste universiteta i verda

Universitetet i Oslo klatrar medan tre andre norske universitet held fram med å falle på QS World University Ranking.

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre norske universitet fell på verdsliste medan UiO klatrar

I år har fire norske universitet fått plass på QS World University Ranking. Det var Khrono som omtalte saka først.

Dette er den attande utgåva av rangeringa. Fire norske universitet er med på lista over dei topp 1000 universiteta i verda. 

Universitetet i Oslo rykkjer opp

Ifølgje Khrono ligg Universitetet i Oslo (UiO) øvst blant dei fire norske universiteta og har komme på 102. plass. Universitetet har dermed rykt opp heile 11 plassar frå i fjor.

— Vi gler oss alltid over gode rangeringar samstundes som vi tar dei med ei klype salt, skriv UiO-rektor Svein Stølen i ein SMS til Khrono og held fram:

— Rangeringar gir til saman eit konsistent og hyggeleg bilete av UiO.

I den nordiske konkurransen har UiO også klatra opp éin plass. Universitetet ligg no på ein femteplass blant topp-universiteta i Norden.

UiO-rektor Svein Stølen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

LES OGSÅ: Regjeringa vil gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg

NTNU har falle hundre plassar på få år

Dei andre norske universiteta som er med i rangeringa har falle. UiB, som framleis ligg på andreplass blant dei norske universiteta, har rykt fem plassar tilbake, frå 194. plass til 199. plass.

Også UiT Norges arktiske universitet og NTNU går tilbake i rangeringa. Sistnemde har no hamna på plass 369, som dei deler med brasilianske Universidade Federal do Rio de Janeiro. Fra 2018-2019 fall NTNU over hundre plassar, frå plass 259 til 363, og har sidan lege på om lag same nivå dei siste åra.

UiT Norges arktiske universitetet går tilbake for fjerde året på rad, i år 24 plassar, og ligg no som nummer 440, i lag med University of Swansea, University of Cyprus og University of Trento.


LES OGSÅ: Dette er dei mest populære studia

Siviløkonomiutdanninga til NHH er den mest populære utdanninga med flest førstevalssøkarar. Foto: Varde Solutions, NHH

Fakta

Topp 1000-lista til QR er basert på seks parametrar:

Akademisk omdømme, tilsettingsomdømme, siteringar per fakultet, fakultetstilsette/student-ratio (estimat på tal studentar per lærar), internasjonal fakultetsratio, og internasjonal studentratio.