Rotevatn om klimarapporten: – Vi har framleis tid til å klare dette
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) meiner det no må bli slutt på å krevje unntak frå klimakutt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye storrapporten frå FNs klimapanel (IPCC) viser at oppvarminga av jordkloden ligg an til å nå 1,5 grader innan 20 år, sjølv med djupe kutt i utsleppa.
– Men det er mogleg å stoppe omtrent der og ikkje halde fram vidare oppover, seier Rotevatn.
Han åtvarar mot å gi opp håpet.
– Det ser ekstremt vanskeleg ut å halde oppvarminga under 1,5 grader. Men målet i Parisavtalen er å halde oppvarminga under 2,0 grader og ned mot 1,5 grader. Jo nærare 1,5 grader vi klarer å komme, jo betre er det, seier Rotevatn til NTB.
– Vi har framleis tid til å klare dette. Det er ikkje håplaust.
Rotevatn meiner samtidig at rapporten viser alvoret i situasjonen.
– Så alle diskusjonar om å svekkje klimapolitikken no, bør vere heilt umoglege, seier han.
Han viser til at Stortingets vedtak om å gjere unntak for avfallsbransjen frå CO2-avgift og krav frå parti som Frp og Sp om at CO2-avgifta ikkje må føre til auka pumpepris.
– Det å snakke om å svekkje klimapolitikken framover, gi ulike unntak og seie at enkelte skal sleppe å vere med og kutte, det bør vere heilt uaktuelt, seier Rotevatn.
(©NPK)