Lea (20) og Stian (20) protest-teltar ved Repparfjord: – Må gjere alt vi kan

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lea Justine Nesheim (20) og Stian Garcia-Godos Wiig (20) er nestleiar og medlem av Natur og Ungdom. Begge har valt å tilbringe litt av sommaren sin i protestleiren ved Repparfjord.

– Det høyrdest ut som noko gøy, det å vere i Finnmark og telte samtidig som ein kan vere med på noko meiningsfullt. Her kan eg utrette noko ordentleg, ikkje berre sitte i eit møte, fortel Wiig på telefon til Framtida.

– Viktig for oss å reagere når dei varslar oppstart

Teltleiren opna 23.juni og skal etter planen vere open fram til valet til hausten.

– Dette er ei så ille sak for naturrettar og samiske rettar, og er på mange måtar ei symbolsak. Ho viser godt dei strukturelle inngrepa i naturen, og det er viktig for oss å gjere alt vi kan, seier Lea Justine Nesheim som er fyrstenestleiar i Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom har planar om å vere i protestleiren fram til valet 13. september. Foto: Gytis Blaževičius.

Ho fortel at utbyggjaren av gruva, Nussir ASA, har fått flesteparten av dei nødvendige løyva til å starte med gruvedrift, men manglar framleis noko finansiering. Nesheim håpar leiren bidrar til å leggje press på eventuelle investorar og på selskapet.

– Sjølv om vi er her lenge før anleggsmaskinane, er det viktig for oss å reagere når dei varslar oppstart. Vi mobiliserer for å vise at motstanden er stor. Vi håper ikkje at gruveprosjektet blir fullfinansiert, seier ho.

– Eit godt debattforum

Men Nesheim forklarer at leiren ikkje berre er der for å presse, men også for å bli kjend med lokalbefolkninga og andre aksjonistar frå heile landet, dei som både er for og imot prosjektet.

– Leiren gjer det lettare for lokale, som også er mot prosjektet, å ha eit fellesskap. Eg trur at han bidrar til å ta debatten mellom meiningsmotstandarar i eit felles forum framfor i kvart sitt kommentarfelt.

Ho fortset:

– Det er ei skikkeleg spennande moglegheit til å møte andre engasjerte og sjå ulike perspektiv. Vi vert tvinga ut av våre eigne ekkokammer, og blir utfordra på argumenta våre, seier nestleiaren.

Vi vert tvinga ut av våre eigne ekkokammer.

Nesheim skal vere i leiren i tre veker. Vi snakkar med ho etter den fyrste veka, og ho seier ho allereie har rokke å lære masse

– Eg har lært masse om arealkonfliktar i Sápmi som har vore veldig nyttig. Korleis det er så mange viktige areal for samiske folk som blir pressa ut på alle kantar, og mange prosjekt som gjer det vanskeleg å drive reindrift som vanleg. Eg har fått ei forståing for at det er vanskeleg for samar å kjempe like hardt i alle kampar, fordi dei har så mange å ta av.

Natur og Ungdom har døypt leiren deira for Markoppsynet etter staden dei er på som er kalla Markopp. Med dette banneret ønskjer dei velkomen. Siste setning er på nordsamisk og betyr: “Vi vaktar fjorden og fjella”. Foto: Natur og Ungdom.

– Eg er glad vi har kome for å hjelpe til no, og det er noko vi må bli betre på: Kjempe saman og vise solidaritet, legg ho til.

Sivil ulydnad

Natur og Ungdom skriv på sine nettsider at mange enkeltpersonar har varsla at dei er villige til å ta i bruk sivil ulydnad-aksjonar for å stanse gruveprosjektet. Dette støttar miljøvernorganisasjonen, og dei skriv dei vil leggje til rette for aksjonistar viss det blir aktuelt.

– Eg melde meg på aksjonslista før eg kom opp hit, og då verka sivil ulydnad litt fjernt. No er eg her oppe og har sett fjorden og forstått kva som kan skje. Dette er viktig nok til å bli arrestert for, slår Stian Wiig fast.

Han har vore i leiren i litt over ei veke.

Dette er viktig nok til å bli arrestert for.

For Nesheim er det viktig å stå kampen ut.

– For meg så er det ein viktig måte å delta i demokratiet på. I akkurat denne saka er konsekvensane uopprettlege og går utover framtidige generasjonar som ikkje har stemmerett og natur som ikkje blir teken omsyn til. Det er viktig å stå kampen ut, og gjere det ein kan så lenge alt er trygt.

Mykje kaffibesøk

Nesheim fortel om rolige dagar, mykje kaffebesøk, og sjenerøse gjestar i protestleiren.

– Vi er veldig heldige. Folk kjem gjerne innom med mat, og særleg pukkellaks har vi fått mykje av. Vi har fått øvt oss på ulike måtar å lage til laks på, så til frukost i dag vart det sjølvrøkt laks, seier Nesheim og ler.

F.v: Erika Reiersen, Elise Sørensen og Eilif Moan. Folk i alle aldre er innom leiren for å blant anna vise støtte, tilby mat og debattere. – Det varierer veldig kor mange som er her. Det er ein slags stafettpinne som blir gitt vidare. Folk kjem og går, seier nestleiar Lea Nesheim. Foto: Natur og Ungdom

Elles beskriv ho dagar som går til å få fyr på bålet, tørke klede når det er sol, gå tur i området og sikre gapahuken, scene og telt frå regn og vind.

Wiig var på si side førebudd på ei roleg veke og pakka med seg tre bøker frå Oslo. Han har berre fått lese ei halv ei.

– Det har skjedd så mykje gøy! Vi har vore på turar, bada, hatt sivil ulydnad-trening og vart invitert med på kalvmerking av rein, fortel han.

Han trekk fram konsert med den lokale artisten Henrik Vaseli og joiking rundt bålet med Mari Boine som to av høgdepunkta frå veka.

Stian Garcia-Godos Wiig trekk fram konserten med den lokale musikaren, Henrik Vaseli, som eit av høgdepunkta frå protestleiren. Han spilte nordnorske viser for leirdeltakarane og dei som var på dagsbesøk. Foto: Natur og Ungdom

Gruve-sjef meiner Natur og Ungdom er ein viktig stemme

Ein som har vore på både kaffibesøk og som har sove i telt like ved protestleiaren er sjefen for gruveprosjektet, Øystein Rushfeldt.

– Det er eit veldig bra tiltak med ein leir som møteplass synes eg, seier Rusfeldt på telefon til Framtida.no. 

Han meiner Natur og Ungdom er ein viktig stemme for utviklinga av samfunnet.

Øystein Rushfeldt er sjef i Nussir ASA, mineralselskapet som skal åpne kopargruve ved Repparfjord. Foto: Privat.

– Eg har ikkje eit negativt forhold til Natur og Ungdom. Da er det heller dei som kastar søppel ut av vindauget og som eig tre boligar. Eg er meir i Natur og Ungdom-leiren enn i forbrukar-leiren, slår han fast.

Rushfeldt synes det er interessant å diskutere med dei, og set særleg pris på debattar om korleis reknestykket mellom klima og miljø skal gå opp. Sjølv meiner han at ein må sjå på behovet for gruver, og at det er viktig at dei vestlige landa tek på seg ansvaret, slik at det ikkje blir eit auka press på gruvedrift i land som ikkje tenkjer like mye på klima og miljø.

Han meiner også at ein må sjå på hytteutbygging og korleis det verker på reindrift og andre miljø-spørsmål.

– Alt går sin gang

Rushfeldt fortel at prosjektet har teke lang tid, og at dei sidan 2012 og åra framover har fått dei løyva dei treng for å starte. No ventar han berre på at kommunen skal bestemme tidspunkt for oppstart.

Han avviser at dei manglar investorar, og seier dei har nok penger på konto og nok å gjere.

– Vi er ikkje fullfinansiert per i dag, og har heller ikkje planar om å vere det. Penger vi har no blir brukte til førebuingar som til dømes bestilling av materiell. Alt går sin gang på ein heilt normal måte, og vi er finansiert for oppstart i sommar, seier han.

Han fortel at Nussir ASA følgjer dei spillereglane og rettane som er etablert, og viser til demokratiske prosessar i kommunen, fylket og staten. Rushfeldt er skeptisk til at ein eventuelt stoppar prosjekt som har gjort alt etter boka og fått dei løyva dei treng.

– Kan ein då stole på rettstaten og demokratiet? spør han. 

Til varslane om sivil ulydnad seier Rushfeldt at det får vere eit personleg val, men at han er negativ til framføringar som kan verke polariserande. Han seier han meir enn gladeleg stiller opp til dialog, og har ikkje noko imot at dei ulike partane (Nussir, NU og investorar) kan møtast på skjerm og snakke ut.

Har ikkje mista trua

Tilbake i protestleiren ved Repparfjord har ikkje Nesheim og Wig gløymt kvifor dei er der.

– Det er ei fin og unik oppleving. Det viktig for oss som driv miljøkamp at vi nokre gonger er der vi kjempar for å bevare, seier Lea.

Nestleiar i Natur og Ungdom, Lea Nesheim, seier det absolutt er verd å ta turen til leiren i nord. – Midnattssola veg opp for myggen og dette er sommarens beste feriestad akkurat no. Foto: Ella Marie Hætta Isaksen.

Stian trur leiren vil gjere ein forskjell:

– Det kjem fleire og fleire folk frå området. Vi gir beskjed om at vi er her og bryr oss. Vi skaper blest og engasjement.

Heller ikkje nestleiaren i miljøvernorganisasjonen har mista trua.

– Det blir spennande å sjå korleis det går. Eg har ikkje mista trua på at vi klarer å stoppe det, seier Nesheim.

Framtida.no snakka med Nesheim, Wiig og Rushfeldt i uke 28. Onsdag 21.juli i uke 29 fekk vi tips frå Natur og Ungdom om at dei fyrste maskina er på plass på Markoppneset ved Repparfjorden for å gjere førebuande grunnundersøkingar. Aksjonistane i protestleiren har derfor tatt seg inn på det planlagte industriområde for å aksjonere.


15. juni 2021 anka Greenpeace, Natur og Ungdom og seks unge klimaaktivistar til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Klimaaktivistane som er med i klagen er Ingrid Skjoldvær (27), Gaute Eiterjord (25), Ella Marie Hætta Isaksen (23), Mia Cathryn Chamberlain (22), Lasse Bjørn (24) og Gina Gylver (20). Frode Pleym er leiar for Greenpeace og Therese Hugstmyr Woie er Natur og Ungdom-leiar. Foto: Lasse Fløde/Greenpeace

Om aksjonen:

  • Det er planlagt gruvedrift i Nussir og Ulveryggen, som er to fjell i Hammerfest kommune, med utførsel i Repparfjord.
  • Det er Nussir ASA som kontrollerer rettane til påvist kopar på dei to fjella, og det er dei som har fått driftkonsesjon, altså lov til å drive gruvedrift.
  • Det har kome fleire innvendingar til prosjektet, og argumenta dreier seg særleg om miljø og samiske rettar.
  • Saka blir av mange omtalt som den nye Alta-saka, som var ein politisk konflikt mellom 60- og 80-talet, og handla om at vasskraftutbyggjing sto mot samiske interesser og miljøverninteresser i Finnmark. Da tok dei i bruk sivilt ulydnad-aksjonar.
  • Også i Repparfjord-saka er slike aksjonar varsla. Det er eit politisk verkemiddel i form av lovbrot eller brot på andre offentlege bestemmingar. Bileta der folk lenkjar seg fast er eit døme på ein slik aksjon.

Kjelder: Faktisk.no, Store norske leksikon – Nussir og Store norske-leksikon – sivil ulydighet