Hunden din kan gjennomskode når han blir logen for

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Universitetet i Wien ville sjå om hundars åtferd endrar seg når dei veit at dei blir villeidde, og om det er forskjell på åtferda når hunden har ei oppfatning av om mennesket villeier medvite – lyg.

Forskarane fann at eit fleirtal av dei 260 hundane, handla mot ordren til mennesket når dei visste at instruksen dei vart gitt, ikkje ville gi ønskt resultat, i dette tilfellet om dei visste at dei vart kalla til eit tomt matfat. Delen hundar som ikkje lydde, auka om mennesket laug med vilje, ifølgje artikkelen i Proceedings of the Royal Society B.

Metoden

Eksperimentet og metoden som vart brukt, er tidlegare nytta på testing av småbarn og antekne intelligente primatar. To behaldarar er plasserte i eit rom, og medan testobjektet ser på, blir ein godbit plassert i ein av dei, medan den andre er tom.

For å etablere tillit til ein instruktør, – ein kommunikator, blir testobjektet kalla til behaldaren som inneheld godbiten. Stort sett alle hundar – og småbarn og aper – vil gå til behaldaren dei blir kalla til, etter å ha sett noko godt bli lagt oppi.

Eksperimentet startar når ein ny person dukkar opp i rommet og flyttar snacksen, medan testobjektet ser på.

Border collie er kjent for å vere intelligent, men også ekstremt lydig og samarbeidsvillig. Sjølv når denne rasen hadde sett at godbitane vart plasserte i ein anna bøtte, følgde den oppfordringa frå mennesket i testen, og gjekk til den tomme bøtta. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB / NPK

Resultatet

Hundane i dette tilfellet, såg først bøtte A bli fylt med mat, før maten vart flytta av den ukjende personen til bøtte B. Deretter vart hundane bedne av kommunikatoren om å komme til bøtte A for å ete, men hundane hadde sett den bøtta bli tømt. Mange gjekk likevel, men eit fleirtal ignorerte kommunikatoren, og gjekk til bøtte B.

– Dei stolte ikkje på kommunikatoren lenger, seier Ludwig Huber ved Universitetet i Wien til New Scientist.

Viss hundane hadde sett at kommunikatoren òg såg maten bli flytta, ignorerte 71 prosent av dei instruksen, og gjekk til bøtte B. Hadde hundane opplevd at kommunikatoren var ute av rommet då matflyttinga skjedde, var det færre, 52 prosent, som ignorerte oppmodinga om å komme til den tømde bøtta.

Yngre hundar var meir tillitsfulle enn eldre, og kom til i større grad til bøtte A. Hundar av den svært lydige og samarbeidsvillige rasen border collie var dei som i størst grad gjorde som dei fekk beskjed om, mot betre vitande. Ulike typar terrierar, kjende for å vere sjølvstendige, viljesterke og intelligente hundar, var dei som i størst grad ignorerte beskjedane frå løgnhalsar.

Smarte og sjølvstendige er stikkord som blir brukast om terrier. I testen der dei vart samanlikna med border collie, ville terrierane i langt mindre grad høyre på menneske som laug om kvar maten var gøymd. I staden gjekk dei til bøtta maten var flytta til. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Smartare enn barn?

I eksperimenta med barn, sjimpansar og japanske makarar, reagerte testobjekta litt motsett av hundane. Viss instruktøren dei hadde tillit til var ute av rommet, ville testobjektet stort sett gå for behaldaren med snacksen i, truleg fordi dei hadde inntrykk av at instruktøren ikkje visste kva han gjorde.

Men hadde instruktøren òg sett snacksen bli flytta, var det faktisk ein stor del barn og aper som følgde instruksen når dei vart kalla til tom behaldar.

– Dette kan vere fordi barna og primata hadde meir tillit til instruktøren enn til det dei hadde sett med eigne auge, seier Huber.

I så fall er hundar annleis.

– Vi trudde hundar ville oppføre seg som barn under fem år og aper, men no lurer vi på om kanskje hundar kan oppfatte det når nokon fører dei bak lyset. Kanskje tenkjer dei «denne personen sit på same informasjon som meg, og gir meg likevel feil informasjon». Det er mogleg at dei kan oppfatte det som medvite villeiande, noko som er å lyge, seier Huber.

– Denne studien minner oss på at hundar følgjer nøye med på oss, plukkar opp dei sosiale signala våre, og lærer av oss heile tida, også utanom dei formelle treningssituasjonane, seier professor Monique Udell ved Oregon State University, som jobbar med forholdet mellom menneske og dyr, men ikkje arbeidde med denne studien. (©NPK)