Sjekk ut den irske presidenten og hans fantastiske hundar
St. Patrick's Day-feiringar er avlyst verda over, men du kan framleis kosa deg med Michael D. Higgins og hans nydelege følgjesvener.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Irland har per i dag 223 personar som har testa positivt for Covid-19 og har teke grep ved å avlysa St. Patrick’s arrangement.
Den irske presidenten Michael D. Higgins har oppmoda folk til å vere vise solidaritet i St. Patrick si and i desse krisetider.
– Verdien av solidaritet og omtanke for våre medborgarar si helse speler ei fundamental rolle når vi effektivt konfronterer utfordringa me no står ovanfor, sa Higgins ifølgje avisa The Sun.
Bóda smelter hjarter
Artikkelen nemner ikkje presidenten sine to berner sennenhundar Bóda og Síoda, som har sin eigen offisielle uoffisielle Twitter-konto.
Higgins og dei to hundane hans er kanskje noko av det verda treng aller mest no. Sjå berre korleis Bóda stal showet under eit offisielt arrangement:
I am glad we live in a country where the President is constitutionally required to give belly rubs even when he’s very busy. pic.twitter.com/to4fZZJE4R
— Niall Power (@mrniallpower) March 6, 2020
Det er slett ikkje uvanleg at Bóda følgjer med:
President of Ireland, Michael Higgins, ALWAYS has his dog around him. I would too, he’s the cutest thing! pic.twitter.com/5mW6O68n2N
— Mary Redden (@MaryRedden1) January 30, 2020
Både Higgins og hunden er populære figurar:
President Michael Higgins has been described as a national treasure and the most admired leader in Ireland, but it is his dogs that steal the spotlight.https://t.co/7nk7eXQaHO
— The Standard Digital (@StandardKenya) January 29, 2020
Sjå berre kor glad ein vert av Bóda og Síoda:
Og kor trufaste dei er:
I tillegg har Higgins humor, som den gongen han fotobomba ein frisør, som vart nasjonalkjendis på grunn av biletet:
Just got my hair cut off the guy the president photo bombed in Phoenix park! #Dublin pic.twitter.com/L52LHLFh4B
— Paddy Barnes OLY (@paddyb_ireland) March 22, 2016
Og Higgins veit å halda avstand i køar:
Ladies and gents I bring you Michael D Higgins waiting in line for an ATM .. Your welcome. pic.twitter.com/BnFqZBFzze
— cíara (@1DBeours) March 26, 2014
Ver som Higgins. Hald avstand til andre – ver grei med dyra.