Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 20.10.2018 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er framleis ikkje meir enn eit år sidan at Kim Jong Un fyrte av missilar og gjennomførte hemmelege testar av atomvåpena sine. På Twitter truga Trump med «fire and fury» mot «Little Rocket Man».

På den vesle, amerikanske stillehavsøya Guam var det reell frykt for å bli råka av nordkoreanske atomvåpen.

Men nå har stoda mildt sagt endra seg. Ikkje berre mellom USA og Nord-Korea, men kanskje endå meir mellom Sør- og Nord-Korea. Sist veke tok diplomatiet mellom dei to form av to pungsan-hundar, sendt i gåve frå det kommunistiske nord til demokratiske sør.

Trufaste hundar

Pungsan-rasen er kjend for å vera trufaste og smarte hundar. Namnet har dei frå eit nordkoreansk fylke. Dei er jakthundar med tjukk, kvit pels, spisse øyrer, og nøttebrune auge.

Idéen om hundeutvekslinga skal stamma frå toppmøtet mellom dei to landa i september, melder Reuters.

Moon Jae-in er president i Sør-Korea, og har fått mykje av æra for betringa av relasjonane mellom Sør- og Nord-Korea. Foto: Jeon Han/Republic of Korea/CC BY-SA 2.0

Japan Times rapporterer at hundane har kryssa den demilitariserte sona, og blei tatt imot i fredsbyen Panmunjom.

Hundane, som begge er rundt eitt år gamle, fekk tre kilo hundemat med seg til nabolandet.

Dette er ikkje første gong at nordkoreanarane bruker hundar som del av diplomatiet. I 2000 gav nå avdøde Kim Jong Il (far til Kim Jong Un) to hundar av same rase til dåverande sørkoreansk president Kim Dae-jung i samband med eit toppmøte mellom landa.

Hundane heldt til i Seoul Grand Park fram til dei begge døydde av naturlege årsaker i 2013. Dei to fekk i alt 21 kvalpar.