Ungdata-undersøkinga:

Skeive ungdommar rapporterer om dårlegare livskvalitet enn heterofile

I den nye Ungdata-undersøkinga er det for første gong eit eige kapittel for seksualitet. – Me ser er at psykisk helsevern må styrkast, seier leiaren i Skeiv Ungdom.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

I årets Ungdata-undersøking er det for første gong eit kapittel om seksualitet, der livssituasjonen til ungdom med ulik seksuell orientering vert samanlikna.

Der kjem det fram at skeiv ungdom jamt over skårar lågare enn heterofile ungdommar på dei aller fleste punkt.

Dei er i gjennomsnitt mindre tilfredse med livet, mindre framtidsoptimistiske, meir einsame, har litt oftare problematiske relasjonar til skule og foreldre, skårar dårlegare på helseindikatorar og blir oftare utsett for mobbing og seksuelle overgrep og meir.

– Kompetanse på minoritetar må byggast i sosiale arenaar

Skeiv Ungdom ser positivt på at heile 9 av 10 ungdomar er tilfredse med liva sine og at trenden held fram.

– Me som organisasjon er ein del i kontakt med desse som er 1 av 10, og det me ser er at psykisk helsevern må styrkast, og kompetanse på minoritetar må byggast i sosiale arenaar, seier leiar Jane-Victorius Bonsaksen på e-post til framtida.no.

Dei meiner det er viktig å laga gode, inkluderande arenaar, både i og utanfor skulen, for å famna flest mogleg ungdomar og senka terskelen for å delta på aktivitetar i regi av organisasjonar.

Flest jenter som ikkje er heterofile

Anders Bakken er leiar for Ungdata-senteret og har forska på ungdomar sidan 1990-talet. Han synest det er litt overraskande at skeive ungdomar melder om dårlegare livskvalitet samanlikna med heterofile ungdomar:

– Ulike seksuelle orienteringar har blitt meir normalisert, og meir aksept for, i alle fall samanlikna med då eg var ung. Me har nok kome lenger enn det var før på mange område, men framleis er det slik at dei som ikkje er heterofile slit meir enn dei som er heterofile, seier Bakken til framtida.no på telefon.

Han poengterer at undersøkinga berre viser korleis det er, og ikkje seier noko om årsakene bak.

Anders Bakken, leiar av Ungdatasenteret ved NOVA, OsloMet - storbyuniversitetet. | StudioVest/OsloMet

– Det er også interessant at kategorien «homofil/lesbisk» utgjer ca. 1 prosent i heile landet, medan «bifil» ser ut til å vera den største kategorien. Det er også flest jenter som svarar at dei ikkje er heterofile, noko som samsvarar med eit mønster me ser om at jenter er meir søkande enn gutar i ungdomsåra.

Forskingsetisk ansvar

Ungdata har også tidlegare spurt om seksualitet, men då var det for mange som hadde svart useriøst. Ein såg at dei også svara avvikande på for mange spørsmål som kriminalitet og rus. 

– Om den gruppa blir for stor, så vil det ofte føre til ei urettmessig negativ framstilling av ei mindre gruppe. Det ligg eit sterkt forskingsetisk ansvar i å ikkje gå ut med resultat som svartmålar resultat for meir enn det er grunnlag for, seier Bakken.

Ungdata hadde difor eit prøveprosjekt i Oslo i fjor for å sjå om det no var mogleg å ha med ein kategori om seksualitet.

– Då såg me at tida var moden for å kunne stille spørsmål om dette, og kanskje stilte me også spørsmåla betre, slik at me ikkje fekk dette problemet, og det er eg veldig glad for, seier Bakken. 

Ingen kategori for kjønnsidentitet

I kapitelet om seksualitet er ungdomane blitt spurde om seksualitet, og kjønnsidentitet er dimed utelate. Det har likevel vore mogleg å svare at ein identifiserer seg som «skeiv».

Jane-Victorius Bonsaksen i Skeiv Ungdom synest det er synd at Ungdata-undersøkinga ikkje har ein eigen kategori for transpersonar og ikkje-binære, då undersøkingar syner at desse har lågare levekår enn cispersonar, uavhengig av seksualitet.

Kjelde: Ungdata-undersøkinga 2024

Det hadde vore fint å ha tal på om dette også gjeld i ungdomstida, så politikarane kunne jobba meir spissa på dette. Me ser i vår målgruppe at fleire unge transpersonar slit, og me treng meir forsking på akkurat dette.

Ungdomsforskar Bakken peiker igjen på utfordringa som ligg i at få personar tilhøyrer ein kategori.

– Akkurat på spørsmål om seksualitet og kjønn, er det framleis ein del som synest det er litt artig å tulle med. Då kan det vera krevjande for undersøkinga å kartlegga fenomen med så lågt omfang at ein plutseleg får mange i kategorien, og får eit feilaktig bilete.

Om kartlegging av transpersonar vil kome med etter kvart, er uvisst.

– Me vurderer heile tida kva slags type spørsmål me har med og kvart tredje år oppdaterer me spørsmåla. 2024 er ein ny variant, fortel Bakken.

Om Ungdata-undersøkinga

  • Ungdata er lokale ungdomsundersøkingar som vert gjennomført på ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet. Gjennom Ungdata får ungdom tilbod om å vera med i ei spørjeundersøking som handlar om korleis det er å vera ung i dag. Målet er å få ei oversikt over korleis dagens ungdom har det, og kva dei driv med i fritida.
  • Ungdata er eit gratistilbod til kommunar og fylkeskommunar. Resultata gir dei som bestemmer eit kunnskapsgrunnlag for lokal, regional og nasjonal politikkutforming innan oppvekst- og folkehelse.
  • Ungdata er eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentera på rusfeltet (KORUS) og Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet.