Mange tusen studentar står i bustadkø – men nokre stader er det enno ledig

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 2. august var det 4487 studentar i Oslo på venteliste for studentbustad til semesterstart.

– Det er litt fleire på venteliste enn i fjor, og ei årsak er at det er litt fleire internasjonale søkarar i år, seier Nina Langeland, kommunikasjonsdirektør i Studentsamskipnaden SiO til Framtida.no.

SiO har rundt 9000 studentbustader, og det byrjar å bli fullt no.

– Det er framleis litt bevegelse i køen, og me sender ut nye bustadtilbod kvar einaste dag. Det viktigaste rådet til dei som ikkje har fått ein stad å bu enno er å ikkje gi opp! Fortset å stå på venteliste og søk òg på den private leigemarknaden og bruk eige nettverk, oppmodar Langeland.

Fullt i Bergen

I Bergen har studentsamskipnaden 4715 studentbustader.

– Per i dag er alt utleigd. Me har 1750 studentar i budstadkø i dag, skriv Marita Brodin Monsen, kommunikasjonssjef i Studentsamskipnaden på Vestlandet i ein epost til Framtida.no.

Ho legg til at talet ikkje er heilt reelt, då mange får seg bustad på den private marknaden utan at dei kansellerer bustadsøknaden hos studentsamskipnaden.

– Av erfaring får me litt ledig dei neste vekene, då studentar som ikkje skal studera i Bergen likevel seier frå seg bustaden sin. Då tildeler me fortløpande til dei som står på ventelista, fortel Marita Brodin Monsen.

Får oppseiingar

I år er det kring 13.200 som har søkt bustad hos Sit, studentsamskipnaden i Trondheim, Ålesund og Gjøvik.

– Me har framleis i mellom 1000-1200 søkarar som står på søkarliste. Men ikkje alle desse er reelle søkarar, då mange har funne seg andre stader å bu i mellomtida. Det meste hos oss var utleigd i midten av juli, men så får me alltid oppseiingar etter Samordna opptak kjem med studieplassane, då mange studentar kjem inn andre stader i landet, skriv Tina Landfastøien, leiar for bustadutleige i Sit i ein epost til Framtida.no.

Ledig nokre studiestader

På dei mindre studiestadane er det store forskjellar. I Sogndal er det fullt, og kring 130 på venteliste, medan det er nokre ledige studentbustader i både Førde, Stord og Haugesund.

I Haugesund og Stord er det totalt 387 studentbustader.

– Me oppfordrar alle som skal studera her om å søka, det er ikkje for seint for å få seg studentbustad hos oss, seier Marita Brodin Monsen, kommunikasjonssjef i Studentsamskipnaden på Vestlandet.

Oppmodar studentar om å møta opp

Noregs arktiske studentsamskipnad har fått fleire søknader på studentbustader i år samanlikna med i fjor, og har no totalt 1566 på venteliste.

– Me tilrår at studentar som har fått studieplass, men ikkje plass å bu, kjem til byen likevel. Ein får seg mykje lettare bustad når ein fysisk kan gå på visning eller snakka med utleigarar sjølv, seier kommunikasjonssjef Sarah Yttermo Reibo.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

 

Studiestader med venteliste på studentbustad:

Oslo: 4487

Bergen: 1750

Tromsø: 1271

Trondheim/Gjøvik/Molde: 1000-1200

Sogndal: 130

Finnmark: 100

Narvik: 81

Harstad: 74

Svalbard: 64

Lista blir oppdatert så fort Framtida.no får svar frå dei andre studentsamskipnadene.