- Hus er tunge! Hald deg innanfor vegtrafikklova si grense på 3,5 tonn. Bygg heller eit mindre hus med smarte, fleirfunksjonelle møblar.
- Vel ein hengar som utnyttar den maksimale lovlege breidda, men ikkje bygg breiare enn hengaren. Grensa på norske vegar er 2,55 meter.

- Pass på høgda! Dei fleste undergangar og tunnelar er over 4,5 meter, men ikkje alle! Sjekk karta til Vegvesenet før du bestemmer høgda på huset.
- Finn ut om huset skal vere off-grid eller ikkje. Off-grid-hus har eigne, friare regelverk. Treng du straum- og vatntilkopling må dette bli tilpassa tomta der huset skal stå.
Les også: Mange vil “huse” minihuset til Sigurd

- Sett av tid til planlegging. Det er mange utfordringar ved å bygge på ein hengar. Ofte må det gjerast endringar i designet undervegs.
- Sett opp ei liste over dine viktigaste materielle behov. Kva kan du leve utan? Tenk alternativt og minimalistisk. Hugs at det også skal vere plass til deg.

- Spør alle venner og bekjente om hjelp! Dei vil sikkert synest det er kjempegøy å hjelpe til, og sit kanskje på kompetanse du ikkje har. På denne måten bli prosjektet billigare, hyggelegare og betre gjennomført!
Randby har sjølv hatt mange gode hjelparar undervegs i prosessen. I tillegg henta han mykje praktisk informasjon frå bloggen til eit par som hadde gjort eit liknande prosjekt tidlegare, bloggen til Sarah og Matias.
- Les også: Hus på hjul?
Oppdatert:
måndag 13. august 2018 09.34