Eit av utdanningsområda som har størst prosentvis nedgang er lærarutdanningane. Solveig Skaugvoll Foss (SV) meiner firarkravet har skulda. Det er ikkje Henrik Asheim (H) einig i.
mm

553 færre søkjarar har lærarutdanning som førsteval samanlikna med i fjor.

Det skriv Samordna opptak i ei pressemelding. 

– Dette er alvorleg. Alarmklokkene bør ringe både hjå Regjeringen og i Kommunenes hus, seier nestleiar i Utdanningsforbundet Terje Skyvulstad på nettsidene til forbundet. 

I faktanotatet til Samordna opptak står følgjande: «Utdanningsområdet «Lærar» fortsett nedgangen i tal på førstevalssøkjarar og søkjarar med tilbod, på tross av fleire studieplassar».

Grunnskulelærarutdanninga for 5.-10.trinn har størst nedgang

Notatet fortel også at det er grunnskulelærarutdanninga for 5.-10-trinn som er den utdanningstypen innanfor lærarutdannningane med størst nedgang i tal på søkjarar, førstegangssøkjarar, søkjarar kvalifisert og søkjarar med tilbud.

Terje Skyvulstad, 1. nestleder i Utdanningsforbundet ser alvorleg på søkjartala til lærarutdanningane. Foto: Stig Weston

Skyvulstad er opptatt av at yrket skal vere attraktivt.

– Nedgangen i talet på søkjarar til studieplass er tydeleg og må takast på alvor. Skal eit yrke rekruttere godt, må det sest på som attraktivt. Læraryrket må verdsetjast høgare, ikkje minst lønnsmessig, viss vi skal auke søkjartal og få godt kvalifiserte lærarstudentar. Det hadde KS ein moglegheit til i årets lønnsoppgjer, seier nestleiaren på Utdanningsforbundet.no.

– Blir stoppa av eit enkelt fag

SV- politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) har tidlegare vore i kontakt med Framtida om lærardraumen som blei stoppa av firarkravet i matte.

Ho synest ikkje at det er noko gøy å lese dei ferske tala frå Samordna opptak.

– Dette er dessverre varsla frå fleire av dei raudgrøne partia. Det er skuffande at det ikkje har blitt gjort noko med, seier ho på telefon til Framtida.no.

Solveig Skaugvoll Foss (24) seier tala frå Samordna opptak dessverre viser noko ho har advart om lenge. Foto: Kristian Myhre

I mars var Foss på talarstolen på Stortinget for å fremme ei tiltakspakke for å få fleire lærarar i skulen. Eitt av tiltaka var å fjerne det omstridde firarkravet som inneber at du må ha firar i matte frå vidaregåande skule om du skal kome inn på lærarutdanninga. Det blei ikkje vedtatt.

– Nokon som kan bli gode lærarar blir stoppa av eit enkelt fag. 

Foss ville bli lærar sjølv, men er no førstekandidat til Stortinget for Vest-Agder SV. Lærardraumen er derfor lagt på hylla for no. Men det betyr ikkje at ho ikkje vil hjelpe yrket.

– Lærarstreiken i vår viste at lønna ein får som lærar ikkje står i stil med det krevande arbeidet. Lønna må matche dei femårige lærarutdanningane.

Foss meiner ein også må sjå på kvifor ferdigutdanna lærarar vel seg bort i frå yrket. Hu trur årsaka er at skulen er for byråkratisk, og at lærarane ikkje får den tida dei treng med elevane.

For å lese meir om tala på fråfall av lærarar gjennom åra kan ein blant anna sjå på denne artikkelen av Faktisk.no frå 2017.

Dette er dessverre varsla frå fleire av dei raudgrøne partia.

Plan B

Sofia Alaoui (23) fekk testa ut lærarkvardagen i vår då ho var vikarlærar på ein barneskule under frisemesteret sitt. No skal ho ta ein bachelor kalla “faglærar i design, kunst og handverk”. Foto: Privat.

Sofia Alaoui (23) skal begynne på bachelorprogrammet «Faglærar i design, kunst og handverk» ved Oslomet no i august. Ho såg på læraryrket som ein plan B, og det trur ho ikkje at ho er aleine om.

– Eg trur mange ser på det som ein kjedelig plan B, skriv ho på ein melding til Framtida.

Alaoui hadde eit frisemester denne våren og fekk seg jobb i aktivitetskulen og som vikarlærar på ein barneskule. Det treivst ho godt med, og fekk god respons frå kollegaane sine.

Ho trur at ein kan få fleire lærarar ved å oppmuntre unge til å søkje deltidsjobbar i skulen under til dømes eit friår, slik at dei får teste ut yrket før dei startar på utdanninga.

– Eg trur det kunne fått fleire til å søkje det seinare, skriv ho.

Har blitt advart om arbeidskvardagen

Ho er veldig engasjert i faget kunst og handverk, og sjølv om ho i utgangspunktet ville jobbe på vidaregåande trivst ho også med barn. Derfor er ho litt usikker på kva slags aldertrinn ho vil vere lærar for.

På bachelorprogrammet Alaoui skal starte på er det ikkje firarkrav i matte, men ein må ha snittkarakter 3 i både matte og norsk. Den kommande studenten trur, i likskap med SV-politikar Foss, at firarkravet på masterprogramma, er ei viktig årsak til at færre tar lærarutdanning.

Dessutan har ho blitt advart om arbeidskvardagen av morfaren sin:

– Eg trur også læraryrket blir assosiert med eit yrke kor ein jobbar mykje og ofte blir utbrent utan tilstrekkeleg lønn for arbeidet, det var det morfar advarte meg i mot i alle fall, fortel Alaoui.

Ho trur likevel at ein del har forandra seg med åra, og gleder seg til å entre yrket for fullt etter utdanninga.

  • Visste du at fleire undersøkingar viser at lærarstudenter får altfor lite undervisning i nynorsk gjennom utdanninga si? No vil SV endra på dette. 

– Uaktuelt å endre krava

Minister for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, er ikkje einig med SV-politikar  Foss og komande student Alaoui om at firarkravet skal fjernast. Han fortel at færre fell frå tidleg i studieløpet, og at fleire gjennomfører lærarutdanninga utan forseinkingar etter at kravet blei innført.

Statsråd for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim vil ikkje fjerne firarkravet i matte for lærarutdanningar på mastergradnivå. Biletet er frå landsmøtet til Høgre i 2017. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

– Det er heilt uaktuelt for oss å redusere krava til framtida sine lærarar. Matematikk er eit grunnleggande fag i skulen og det er viktig med gode mattekunnskapar også i andre fag. I tillegg er matematikk det faget kor foreldra sin utdanningsbakgrunn har mest å seie for kva slags karakter elevane får, så det handlar også om å klare å jamne ut sosiale forskjellar.

Dette skriv han i ein e-post til Framtida.

Statsråden er opptatt av at dei ferske tala frå Samordna opptak ikkje skal bli ein trend:

– Det er mange godt kvalifiserte søkjarar til lærarutdanningane, men eg skulle gjerne sett at fleire søkte. Det må ikkje bli ein trend at tala går nedover og eg skal gjere mitt beste for at det viktige og interessante ved å vere lærar får større plass og vi får rekruttert fleire til utdanninga og yrket. Dette arbeider eg med heile tida, det er ein langsiktig jobb.

Matematikk er eit grunnleggande fag i skulen og det er viktig med gode mattekunnskapar også i andre fag.

– Å vere lærar betyr at ein kan utgjere ein forskjell i mange elevar sine liv

Asheim er heilt einig med Utdanningsforbundet om at ein må fortsette arbeidet med å gjere læraryrket meir attraktivt. Han lister opp fleire tiltak regjeringa har innført, blant anna skjerpa opptakskrav, innført nye karrierevegar i klasserommet og gjort lærarutdanninga til ein femårig mastergrad.

Regjeringa og Asheim er ikkje ein del av lønns-og arbeidstidsspørsmål for lærarane, då dette er ein del av drøftingane mellom partane i arbeidslivet.

Avslutningsvis deler ministeren nokre godord om læraryrket:

– Undersøkingar syner at fleirtalet av lærarar blir verande i jobben sin, så eg trur at veldig mange trivest og blir motiverte av det viktige arbeidet dei gjer. Å vere lærar betyr at ein kan utgjere ein forskjell i mange elevar sine liv. Særleg synest eg den store innsatsen lærarane har ytt gjennom pandemien syner dette, og eg har svært stor respekt for dei.


Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier departementet vil vurdere endringar i føresegnene om fusk og utestenging. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Oppdatert: fredag 30. juli 2021 18.34
ANNONSE