SV krev betre nynorskopplæring i lærarutdanningane

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må sikra at lærarutdanningane gjev tilstrekkeleg kompetanse til dei som skal undervisa i nynorsk som hovudmål og sidemål, seier Hege Lothe til Framtida.no.

Ho er leiar for Vestland SV og 1. kandidat for SV i Sogn og Fjordane.

Lothe viser til fleire undersøkingar som viser at grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. og 5.-10. klasse i tillegg til lektorutdanninga for 8.-13. klasse i liten grad førebur lærarane på å undervisa i nynorsk.

– Må gjera lærarstudentane trygge i nynorsk

Lærar og masterstudent Silje Høgelid (26) er 6. kandidat for SV i Sogn og Fjordane, og har erfaring med at nynorsk får liten plass ved lærarutdanningane i dag. Ho tar no statsvitskap ved Universitetet i Bergen, og har tidlegare gått på lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo.

– Det blir rekna med at ein kan nynorsk på førehand, sjølv om mange ikkje kan det. Derfor meiner eg det er viktig at lærarutdanningane tar ansvar for å gjera studentane trygge i nynorsk, seier Høgelid på telefon til Framtida.no.

Silje Høgelid (26) frå Høyanger er 6. kandidat for SV i Sogn og Fjordane og lærar og mastergradstudent. Foto: Privat

Ho understrekar at lærarstudentane treng å læra nynorsk over tid.

– Om ein tar 180 studiepoeng i norsk, så nyttar det ikkje at nynorsk er ein liten del av eit fag på 10 studiepoeng. Skal du læra nynorsk godt, krevst det meir enn berre grammatikkundervisning, understrekar ho.

Hege Lothe er førstekandidat for SV i Sogn og Fjordane. Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti

Nynorsk i fleire fag

Høgelid og Lothe ønskjer at lærarstudentane bør bruka nynorsk i fleire fag enn norsk for å bli skikkeleg gode i språket.

– Ein lærarstudent må få opplæring i korleis ein gjev god sidemålsundervisning og hovudmålsundervisning i nynorsk. Og lærarstudentane må læra om og ha forståing for kvifor me har to offisielle norske språk, og kvifor alle elevane i Noreg skal ha ei skikkeleg opplæring i begge språka, seier Hege Lothe.

Pilotprosjekt i Sogndal

SV føreslår at norskfaggruppa ved Høgskulen på Vestland i Sogndal bør få eit oppdrag og midlar til å utvikla ein «nynorsk i lærarutdanninga-pilot» med undervisning og testing for å sikra lærarstudentane kompetanse i å undervisa nynorsk som hovudmål og sidemål.

– Målet med pilotprosjektet er at det blir rulla ut på alle lærarutdanningane i Noreg, seier Hege Lothe.


Frida Pernille Mikkelsen er nyvald leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom