Asheim om studentfusk: – Lova må presiserast

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange studentar er i år tekne i fusk og stengt ute frå høgare utdanning. Studentar som blir tekne i fusk blir som hovudregel stengt ute i to semester.

I lovverket skil ein ikkje mellom type fusk. Til dømes vil «sjølvplagiering» bli sanksjonert likt med å skrive direkte av pensum, skriv VG.

Asheim ønskjer lovendringar

For tida jobbar Kunnskapsdepartementet med forslag til ny universitets- og høgskulelov. Utdanningsminister Henrik Asheim opplyser at dei skal vurdere endringar i føresegnene om fusk og utestenging.

– Det verkar at det er ganske ulik praksis ved ulike studieinstitusjonar. Det er problematisk, seier Asheim til VG.

Han er likevel klar på at fusk på eksamen er alvorleg, og skal få konsekvensar.

– Vi bør få inn døme i lovene, og gjere det tydelegare kva som ligg i omgrepet fusk, seier Asheim.

Han seier han vil jobbe for å få endringane på høyring kommande vinter.


Har du juksa på eksamen?

Har du juksa på eksamen?

Ja. 44
Nei.49
Usikker.13
Ingen kommentar.7
Svar totalt: 113