Ap vil foreslå ekstremismekommisjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kjem til å foreslå at det blir sett ned ein kommisjon så snart Stortinget trer saman til hausten. Og viss vi vinn valet, vil vi ta det med oss inn i regjeringsforhandlingar, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

Forslaget om ein ny 22. juli-kommisjon vart vedteken på landsmøtet til Arbeidarpartiet i april, etter forslag frå AUF og Akershus Ap.

Noreg tok eit juridisk oppgjer med terrorangrepet gjennom rettssaka, og eit oppgjer med beredskapen gjennom Gjørv-kommisjonen, men det vart ikkje teke eit politisk oppgjer med ideologien og korleis haldningar oppstår, slo landsmøtet fast.

Skal sjå på korleis ekstremisme oppstår

No er det på tide, meiner Støre. Han stadfestar at nedsetjing av ein slik kommisjon vil vere ei prioritert sak for Arbeidarpartiet dei næraste månadene.

– Gjørv-kommisjonen understreka at dei ikkje kunne gå inn på motivet til gjerningsmannen eller på førebygging av radikalisering og ekstremisme. Vi meiner at den sida av 22. juli er for lite belyst, seier Støre.

Han har tru på at eit slikt forslag vil få fleirtal, og at kommisjonen vil bli ein realitet. Han understrekar at dei konkrete detaljane rundt innretning og mandat ikkje er på plass enno. Men overordna vedtok Ap-landsmøtet at ein kommisjon skal gå djupare inn i korleis ekstremisme oppstår, og lære meir om kva som fungerer for å førebyggje og motverke radikalisering.

– Alle er samde om at berre gjerningsmannen kan haldast ansvarleg for brotsverka, men som samfunn ser vi at haldningane ikkje er borte. Snarare tvert imot, dei florerer i sosiale medium. Angrepet på Al-Noor-moskeen i Bærum viser at det er menneske som kan ta det frå haldningar til handlingar, seier Støre.

Raudgrøn støtte

Forslaget om ein ny 22. juli-kommisjon blir møtt med støtteerklæringar på raudgrøn side.

– Kampen mot ekstremisme er viktig. Senterpartiet er derfor positiv til eit slikt forslag, seier parlamentarisk leiar Marit Arnstad.

Sjølv om det førebels ikkje finst eit formelt forslag å ta stilling til, er ein politisk gjennomgang etter 22. juli noko òg SV signaliserer at dei vil slutte opp om.

Kari Elisabeth Kaski, SV. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen/Flickr/CC BY-SA 2.0

Kari Elisabeth Kaski, SV. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen/Flickr/CC BY-SA 2.0

– Det trengst eit større oppgjer med den farlege ideologien og rasismen som driv fram høgreekstrem terrorisme. Det skuldar vi AUF og dei mange er ramma av det farlege hatet vi ser rundt oss, ti år etter terrorangrepa på Utøya og i regjeringskvartalet, seier stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski.

Også Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt seier ja til ein ekstremismekommisjon.

– Det finst ikkje helikopter eller betongsperringar som kan gjere oss trygge på at dette aldri skjer igjen viss vi ikkje kjem det rasistiske hatet til livs. Det er eit felles politisk ansvar, seier nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen.

– Det politiske vart underkommunisert

Folk er delt i oppfatninga om kva som leidde an til terrorangrepet, viste ein studie nyleg frå Senter for ekstremismeforsking. For ti år sidan var den dominerande oppfatninga at angrepet var politisk, men ikkje partipolitisk. Det vart sett som eit angrep på demokratiet.

Forskar Anders Ravik Jupskås meiner den politiske eliten og media bidrog til å underkommunisere at Ap og AUF var utvalt som mål på grunn av spesifikke politiske meiningar. Dei siste åra har oppfatninga om at 22. juli var angrep på venstresida og det fleirkulturelle Noreg fått meir tilslutning, seier han i eit intervju på Universitetet i Oslo sine nettsider.

Støre meiner det er viktig å setje saman ein kommisjon med folk som har kunnskap og tillit, og som evner å sjå saka frå ulike vinklar. På spørsmål om ein ekstremismekommisjon vil føre til polarisering av debatten, svarer han:

– Viss vi får berøringsangst for å ta opp verkelege problemstillingar i frykt for å polarisere, er vi på ein farleg veg. Debatt og usemje høyrer med. Polarisering skal vi klare å unngå.


Thomas J.R. Marthinsen har skrive boka «La oss snakke om 22. juli». Foto: Solum Bokevennen, Ina Lykke Schmidt / NTB, kollasj Framtida.no.