Kronprinsparet tek eit oppgjer med hets av Utøya-overlevande: – Skammeleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det er skammeleg. Eg synest verkeleg det er ordentleg skammeleg, og det synest eg som samfunn at vi ikkje kan akseptere rett og slett, seier kronprinsesse Mette-Marit.

På forsommaren har både kronprinsparet og kongeparet møtt fleire av dei som vart ramma av terrorangrepet mot Noreg 22. juli for snart ti år sidan. Det siste møtet i rekkja fann stad på Skaugum onsdag, og i etterkant tok kronprinsparet eit oppgjer med truslar og hat mot overlevande.

– Vi reagerer veldig sterkt på det. Det er ikkje akseptabelt. Truslar og hatmeldingar er ikkje greitt i nokon samanheng, og at det då går ut over dei som har opplevd terror i tillegg, det er nesten ikkje til å forstå, seier kronprins Haakon til NTB.

– Sterke inntrykk

Kronprinsparet seier at samtalane med dei ramma – både pårørande, overlevande og redningspersonell frå Utøya og regjeringskvartalet – har gjort sterkt inntrykk.

I samtalane har dei òg snakka om måten Noreg som samfunn har handtert terroren.

– Nokre av dei vi har snakka med, fortel at det har vore vanskeleg med den generelle berøringsangsten som mange har med dette temaet. Det trur eg mange opplever som sårt. Så er det jo òg slik at det gjeld ulike personar som vart angripne ulikt, seier Mette-Marit.

– Angrep på verdiar

Ho påpeikar at terroren også angreip eit sett med verdiar.

– Det å halde fram med å snakke om kva verdiar som skal vere viktige for oss i det norske samfunnet, det trur eg er ein diskusjon vi ikkje må ta lett på og ikkje gløyme. Det er viktig at den diskusjonen held fram også etter tiårsmarkeringa i sommar, seier ho.

Ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) som kom ut førre veke, viser at éin av tre Utøya-overlevande har fått hatefulle ytringar eller truslar. 75 prosent set meldingane i samanheng med Utøya.

Kronprinsen meiner at vi som samfunn må arbeide for å skape ein meir konstruktiv kultur.

– Vi må skape ein kultur som gjer at vi kan snakke med kvarandre på ein skikkeleg måte. Eg synest det er bra at det kjem opp og blir diskutert skikkeleg. For dette må vi hjelpe kvarandre med å løyse, det er jo eit samfunnsproblem, seier han.


Kamzy Gunaratnam (øvst til ventre), Ina Rangønes Libak, Renate Tårnes og Line Hoem er portretterte i filmen. Foto: Fenris film. Kollasj: Framtida.no