Unge Venstre-leiaren: – Unnskyld, AUF

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– AUF har heilt rett. Dei har stått åleine i ein kamp vi burde kjempa saman med dei. Det vil eg seie unnskyld for, skriv Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark eit debattinnlegg hjå Vårt Land.

Hansmark skriv at han aldri har følt det rett å meine noko om korleis vi har handtert terroråtaket på Utøya i etterkant av 22. juli 2011, ei kjensle han no innser er feil.

Unge Venstre-leiaren påpeiker at terroråtaket var politisk motivert, og at vi i åra etter ikkje har teke noko oppgjer med høgreekstremismen.

Som følgje har AUF vore sett i ein skikkeleg skvis – dei har gjort ein heltemodig innsats for å ta oppgjeret, men har altfor ofte vorte møtt med mistenkeleggjering om politisk opportunisme og skuldingar om å drage «Utøyakortet», skriv Hansmark.

Berøringsangst

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland skreiv at også ho har eit ansvar for å snakke om 22. juli 2011. Foto: Henrik Peder Govertsen/KrFU

Hansmark er ikkje den einaste ungdomspartileiaren som har medgjeve at AUF har stått åleine med ansvaret om å snakke om 22. juli, og at det krevst eit oppgjer med tankegodset som leia til åtaket.

I eit meiningsinnlegg hjå VG i slutten av april skreiv KrFU-leiar Edel-Marie Haukland at «vi må også prate om 22. juli».

Haukland skreiv at AUF har rett i at samfunnet har hatt berøringsangst når det kjem til terroråtaket, men at det er eit felles ansvar å stå opp for kvarandre mot hat, rasisme og konspirasjonsteoriar.

– Kvar og ein av oss har eit ansvar for å ta kampen. Det vert avgjerande om vi med frimodigheit skal kunne seie «aldri meir 22. juli», skreiv KrFU-leiaren hjå VG.

AUF: – Godt å sjå frå ein kollega

AUF-leiar Astrid Willa Hoem seier til VG at ho set pris på innlegget frå Sondre Hansmark:

– Mange AUF-arar har nok kjent seg veldig åleine i debatten i dei ti åra som er gått etter 22. juli 2011. Difor er det så godt å sjå frå ein kollega at han har observert dette – og tek det innover seg.

Hoem fortel at innlegget er eit bidrag til at fleire kan delta i samtalen om Utøya og eit første steg, men at det viktigaste er korleis ein er med i oppgjeret i tida som kjem.