Comeback og omrokering – bli kjent med dei nye statsrådane

Jonas Gahr Støre gjer endringar i regjeringskabalen. Sjå CV-ane til dei nye statsrådane!

Birgitte Vågnes Bakken, Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– Snart trer Stortinget saman igjen. Vi skal legge fram statsbudsjett og det skal forhandlast og få fleirtal i Stortinget. Det er noko av bakgrunnen til at eg har gjort endring i regjering i dag, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse tysdag føremiddag.

Støre informerte kl. 10 i ekstraordinært statsråd om endringane som blir gjort i regjeringa etter stortingsvalet.

Det var to kjente arbeidarpartiprofilar Støre hadde med seg på Slottsplassen: Kjersti Stenseng (51) og Bjørnar Skjæran (59).

Bjørnar Skjæran, som har vore parlamentarisk leiar, blir no ny kommunalminister. Tidlegare kommunalminister Kjersti Stenseng tar over som arbeids- og inkluderingsminister.

Framtida.no har tidlegare presentert CV-ane til regjeringa etter valet i 2021 og då Arbeidarpartiet presenterte ny regjering i vinter. Her har vi oppdatert dei nye statsrådane sine CV-ar:

Brenna til Stortinget

Tonje Brenna (37), som har vore arbeids- og inkluderingsminister sidan 16. oktober 2023, blir no parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet.

Den parlamentariske leiaren er leiar for stortingsrepresentantane til partiet.

– Den samla tyngda som Tonje har, som nestleiar, statsråd, brei erfaring frå forhandlingar, erfaring frå lokal- og fylkespolitikken, og som ein del av Utøya-generasjonen, så trengst ho no til å leie an i dei mange forhandlignane som skal vere i Stortinget den komande perioden, sa Støre på pressekonferansen.

Støre sa i Politisk kvarter på NRK at rolla som parlamentarisk leiar blir svært viktig no, fordi Arbeidarpartiet må ha støtte frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Senterpartiet og MDG for å få fleirtal i Stortinget.