Er du ung, funkis og drøymer om å vera på film? Då har du sjansen no!

Kristina Kassab Liland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håper filmen vår kan bidra til at fleire funkisar utdannar seg til skodespelarar. Det er eit behov der allereie, og det kjem til å verta større framover. Målet er å koma dit at ein funkis kunne spelt i kva film som helst.

Det fortel den prisløna filmskaparen Mari Storstein til Handikapnytt, som først omtalte saka.

Spelefilmen skal vera ein romantisk dramakomedie, men er samstundes eit politisk prosjekt frå Storstein si side. Storstein fortel at ho aldri har sett ein film kor ho kjenner seg representert, og at framstillingane som når lerrettet ofte er baserte på stereotypiar.

Dette vil ho gjera noko med.

Stereotype framstillingar

Mangelen på representasjon av funksjonsnedsettingar i både norsk og internasjonal film er stor.

Då Norsk filminstitutt granska kor mykje mangfald som var representert i 230 norske kinofilmar mellom 2013 og 2020, kom det fram at berre fire filmar hadde ei hovudrolle med nedsett funksjonsevne. Det utgjer magre 1,3 prosent av alle filmane.

Samstundes hadde berre to filmar, altså 0,9 prosent, minst éi birolle med nedsett funksjonsevne.

Ei undersøking frå Geena Davis Institute on Gender in Media som tok for seg familiefilmar på amerikansk kino i 2020, bekreftar fleire av påstandane til Storstein om stereotypiske framstillingar av funkisar. I studien kom det fram at:

  • Det er større sjanse for at ein funkiskarakter vert redda enn andre karakterar.
  • Det er nesten dobbelt så sannsynleg at karakterar med funksjonsnedsetjing døyr i ein familiefilm enn andre.

Samstundes peika rapporten på at det òg er noko framgang, det var nemleg historisk mange familiefilmar som hadde ein karakter med funksjonsnedsetjing i hovudrolla – 8 prosent.

Etterlyser skodespelarspirar

For Mari Storsein er det viktig at skodespelaren som skal ta fatt på hovudrolla i hennar film er funkis sjølv, og ikkje berre spelar ein person med funksjonsnedsetjing.

Hjå Handikapnytt oppfordrar Mari Storstein unge rullestolbrukarar som kan tenka seg å spela hovudrolla i filmen hennar til å kontakte ho på e-post.

Dei einaste krava er at ein er mellom 16-28, rullestolbrukar og kan spela ein 19-20-åring. Erfaring eller kjønn spelar inga rolle.

– Men du treng nysgjerrigheit, og du må ha lyst. Terskelen skal være låg. Så vil me sørga for å bruka tid på den treninga som er nødvendig, fortel Storstein til Handikapnytt.

Storstein og samarbeidspartnarane hennar ynsker òg at funkisar som kunne tenkt seg andre roller i filmen, anten framfor eller bak kamera, skal ta kontakt.


Yngvill Kolset Haga er rolleplukkar. Foto: Privat