Drøymer du om ei filmrolle? Her er castarane sine beste tips!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.12.2018 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein kan gjerne tenkje at; Er det ikkje berre å finne dei folka? Men så er det jo ein kjempejobb, seier Yngvill Kolset Haga.

Sidan 2012 har ho arbeidd som casting director (rolleplukkar) på fulltid. I 2016 vart ho nominert til den første European Casting Director Awards for arbeidet med Eirik Svenssons «Natt til 17.».

I år har ho namnet sitt på NRK-serien «Lykkeland», spelefilmen «Harajuku» og storfilmen «Sonja».

Castingprosessen kan starta fleire år før sjølve produksjonen og er ein del av forarbeidet, som kan vere i gang allereie før manuset er klart.

Les også: «Skam»-stjerner i kvar sin norske haustfilm

Tittelrolla til storfilmen om Sonja Henie var klar allereie før Ine Marie Wilmann vart eit etablert skodespelarnamn. Medan filmen venta på finansiering har ho rukke å spela inn filmen «De nærmeste» med Anne Sewitsky, som òg har regissert «Sonja». Foto: José Haro, Maipo Film

Tittelrolla til storfilmen om Sonja Henie var klar allereie før Ine Marie Wilmann vart eit etablert skodespelarnamn. Medan filmen venta på finansiering har ho rukke å spela inn filmen «De nærmeste» med Anne Sewitsky, som òg har regissert «Sonja». Foto: José Haro, Maipo Film

Sosiale medier og auditionsider

Noko av det viktigaste om du vil ha ei rolle i ein film eller tv-serie er å følgje med. Det finnast eigne castingsider på nett. I tillegg kan du finne informasjon på sider som Aktiv i Oslo. Til roller der ein leiter i heile landet kan det ofte vere enkelt å sende inn ein søknad med bilete og ein self tape, ein film av deg sjølv.

Kvar castingprosess er ulik, men Kolset jobbar gjerne slik at ho finn fram til kandidatar og scener som regissøren kan få sjå. Nokre gongar vil dei ha inn flest mogleg, medan andre gonger har dei gjort seg opp nokre tankar om kven som kan passe på førehand.

Til filmen «Harajuku» der hovudrolla gjekk til hittil ukjente Ines Høysæter Asserson tok Kolset inn så og sei alle søkjarane.

– Eg synest ofte det er vanskeleg å avgjere ut i frå eit bilete om ein person er interessant eller ikkje. Om ein er ung og uerfaren er det heller ikkje sikkert at ein veit kva bilete som gagnar seg.

Les også: Nyutdanna skodespelar debuterer på Harastølen

Nøytrale bilete

Send eit nøytralt, usminka bilete. Det treng ikkje vere profesjonelt, men ikkje gøym deg bak solbriller og poseringar. Eit stillbilete seier ikkje så mykje, men casting handlar om å sjå det ekte, seier Haga.

Har ho tid brukar ho òg å «stalke» søkjarar på internett, for å få eit enda betre bilete av dei. Til neste prosjekt leitar ho etter ei jente som kan syngje å spele gitar, og ser difor gjennom eit utall UKM-videoar.

– Det vert mykje scrolling, ler Kolset Haga.

– Det handlar om å finne nokon som har den tilgangen som Andrea har til kjenslene – og som klarar å uttrykke det, seier Mette Holme Nielsen. Ho vart nemnt i talen då debutant Andrea Berntzen fekk Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle i Erik Poppes «Utøya 22. juli». Foto: Nordisk Film Distribusjon

– Det handlar om å finne nokon som har den tilgangen som Andrea har til kjenslene – og som klarar å uttrykke det, seier Mette Holme Nielsen. Ho vart nemnt i talen då debutant Andrea Berntzen fekk Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle i Erik Poppes «Utøya 22. juli». Foto: Nordisk Film Distribusjon

Finn eit teatermiljø

Mette Holme Nielsen i Folk & Film har over 20 års erfaring med casting. I år var ho og makker Belinda Sørensen nominert til International Casting Director Award for rollebesettinga i «Utøya 22. juli».

 Har du nokre tips til unge skodespelartalent som drøymer om ei rolle?

– Eg trur eg ville prøvd å få spelt så mykje teater som mogleg. Å finne eit miljø som lagar anten film eller teater.

Då castingbyrået skulle finne skodespelarar til «Utøya 22. juli» var det viktig for regissør Erik Poppe at desse var ukjente. Det var også viktig å få tak i skodespelarar frå heile landet.

Castarane såg difor skulerevyar i Oslo, Stavanger, Bodø og Tromsø. I tillegg såg dei alle førestillingane på DUS (Den Unge Scenen) – ein teaterfestival for teatergrupper frå heile landet, som vert arrangert på Det Norske Teatret.

Det var på denne festivalen dei fann Solveig Birkeland, som i helga fekk Amandapris for beste kvinnelege birolle.

Kristine Ryssdalsnes Horvli frå Gloppen speler Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur på hybel i Sandane. Foto: Rubicon TV/NRK

Kristine Ryssdalsnes Horvli frå Gloppen speler Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur på hybel i Sandane. Foto: Rubicon TV/NRK

«Lovleg»

Siri Heitmann Müller er oppvaksen med film og byrja med casting fordi ho sjølv har skodespelarerfaring. Foto: Privat

Siri Heitmann Müller er oppvaksen med film og byrja med casting fordi ho sjølv har skodespelarerfaring. Foto: Privat

Til NRKs nye nettdrama «Lovleg» rekrutterte castingansvarleg Siri Helene Heitmann Müller og Torunn Stokkeland på skular og idrettslag i heile Sogn og Fjordane.

Müller har sjølv skodespelarerfaring, noko ho har teke med seg inn i castingjobben. Ho rår unge lovande til å sjå mykje film og tv-seriar, men å òg utforske andre kulturuttrykk.

– Utforsk litteraturen. Sjå eldre filmar og klassikarar, ikkje berre det som er laga etter 2015. Studer skodespelarar og finn ut kva du likar og ikkje likar ved ulike filmar.

Om ein ikkje kjem inn på skodespelarutdanning er rådet frå Müller å melde seg på ulike kurs og workshopar, eller ta kontakt med erfarne skodespelarar for råd.

Og får du ikkje di livs rolle, kan du alltids lage ho sjølv.

– Å vere skodespelar er ikkje berre å prøve å få ei rolle som andre har lagt opp til. Gjer dine eigne greier. Verda treng nye skodespel, filmar og band.

Og sist, men ikkje minst:

– Ikkje gi opp! I denne bransjen, som dei fleste andre, så vil det bli avvisningar. Om du held fram og ikkje gir opp, så vil det skje. Det er nesten ei naturlov.

Les også: Ho har skrive «Lovleg»