Yrket mitt: Yngvill (39) er rolleplukkar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når eg har prøvefilma barn/ungdom, eller amatørar som eg ikkje veit om funkar, og så er nokon dritgode, då kan det kjennest som magi i castingrommet, fortel Yngvill Kolset Haga på e-post til Framtida.no.

Dei siste sju åra har 39-åringen frå Stiklestad i Trøndelag jobba som rolleplukkar for film og tv-seriar. Seinast plukka ho ut skodespelarar til NRK-serien 22. juli.

Arbeidet til Haga har også vorte lagt merke til internasjonalt. I 2016 var ho ein av sju nominerte då Den europeiske castingprisen skulle delast ut for første gong, for castingarbeidet til filmen Natt til 17.

Filmen vart ein pangstart på karrieren til stjerneskotet Thea Loch Næss, som seinare har gjort suksess i Netflix-serien The Last Kingdom og på eitt tidspunkt toppa søkestatistikken til filmdatabasen IMDB.

Thea Loch Næss vart verdskjent med rolla som Skade i Netflix-serien «The Last Kingdom», men var først å sjå i den norske filmen «Natt til 17.».

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Fordi eg er glad i skodespel, manus og regi, og som castingansvarleg så får eg jobbe med alt det. Det er inga utdanning for å bli filmcastar, men min bakgrunn frå teater kombinert med filmutdanning vart ein god kombo for å jobbe med dette.

– Svarte det til forventningane?

– Vegen har blitt til over tid, og eg er veldig nøgd no med yrket eg har hamna i. Det eine fører til det andre!

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Mine dagar kan vere veldig ulike, men ofte er det prøvefilming med skodespelarar eg har invitert inn. Eg gir motspel og vi filmar scener frå manus. Så sender eg det over til regi og produsent. Så er det mykje grubling og tenking, kven kan eg prøvefilme til dei ulike rollene? Og administrering av alle som har vore inne, gi tilbakemelding etc.

Yngvill Kolset Haga var castingsansvarleg til denne filmen: 

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Vi lærte om casting på filmskulen, men det er eit type yrke der ein lærer heile tida. Regissørane jobbar ulikt, og eg lærer alltid av dei eg jobbar med til ei kvar tid.

– Kva er det beste med jobben?

– Det er å vere tett på den kreative prosessen til ein spelefilm eller eit tv-drama, vere med å påverke kven som skal spele alle rollene, møte mange folk, og å få dei til prestere så godt som mogleg framfor kamera.

– Kva er det mest utfordrande?

– Ofte kan det vere vanskeleg å finne dei typane som regissøren ser etter, og då kan eg bli sittande å vri hjernen for kor eg skal finne desse folka. Om castingprosessen har for dårleg tid, kan det bli ein kamp mot klokka for å få alle på plass til dei skal på opptak.

Yngvill Kolset Haga. Foto: Privat

– Kven passar yrket for?

– Du må vere spesielt interessert i skodespel, manus og regi, som nemnt over. Og du må vere glad i folk, og å kommunisere med mange. Og sjølvsagt må du vere filminteressert, og ha ei generell forståing for filmproduksjon.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ta utdanning innanfor film, eventuelt teater/skodespel. Det er fint med erfaring både framom og bak kamera. Sjå teater, film og tv-drama, og få så god oversikt over skodespelarar og folk som mogleg. Ein veit aldri når den og den rolla dukkar opp, og di større nettverk og kjennskap til folk ein har, di fleire å føreslå.

https://framtida.no/2019/11/29/yrket-mitt-asbjorn-42-er-kokk

Asbjørn Sandøy. Foto: Kjærast

Yngvill Kolset Haga

Alder: 39

Frå: Stiklestad

Yrke: Filmcaster, eventuelt rollplukkar

Utdanning: Den norske filmskolen