Camp Freedom skal skape ein ny generasjon funkisaktivistar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vår likestillingkamp har alltid vore fronta av unge aktivistar, seier Vibeke Marøy Melstrøm i ei pressemelding.

Ho er generalsekretær i Uloba – Independent Living Norge, som er ein organisasjon som kjempar for full likestilling for funksjonshemma. No har organisasjonen skipa ein ny sommarleir for unge mellom 18 og 35 år, der 15 deltakarar får ei veke fullstappa av føredrag og aktivitetar.

Årets utgåve er digital, og i løpet av ei veke skal deltakarane lære, høyre og snakke om kampen for funksjonshemma sine rettar, om seksualitet og om det å vere ung funksjonshemma i Noreg.

Inspirert av Netflix-dokumentar

Leiren er inspirert av den kritikarroste Netflix-dokumentaren Crip Camp: A Disability Revolution, som kom ut i 2020. Dokumentaren tek føre seg Camp Jened, ein sommarleir driven av hippiar i New York på 70-talet.

På sommarleiren fekk funksjonshemma ungdom vere ungdom først og fremst, men dei vart òg inspirerte til å ta del i kampen for funksjonshemma sine rettar.

Crip Camp fokuserer på leirdeltakarane som seinare vart aktivistar og kjempa for rettane til personar med funksjonsnedsetjing. Foto: Netflix

Målet med den nyetablerte Camp Freedom er å skape ein ny generasjon unge aktivistar i Noreg, som kan vere spydspissar i kampen for reell likestilling.

Generalsekretær i Uloba, Vibeke Marøy Melstrøm, seier i ei pressemelding at organisasjonen har drive aktivisme i 30 år, og kjempa for å få leve frie, aktive, varierte og likestilte liv på alle arenaar i livet:

– Men kampen er ikkje over. Vi har mykje att før vi har eit likestilt samfunn. 


Rene Langeveld Sas vil at Bø Sommarland skal vera for alle, og har no starta opp eit solsikkemerke i parken. Foto: Marta Kjøllesdal