Teamet bak Rådebank har nyleg avslutta innspelinga av sesong tre. I neste sesong får vi følge den same gjengen samtidig som det kjem nye folk inn i bildet. Men temaet som ligg i botn, er å kunne snakke om det som er vanskeleg.
NPK-Beate Haugtrø
NPK-Beate Haugtrø

– Eg synest det har gått veldig fint. Det er utfordrande å lage drama i koronatider, men vi er godt fornøgde og stolte over det vi har fått til på forsommaren i år, seier Knut Inge Solbu frå Gvarv, utøvande produsent for tv-serien Rådebank.

Teamet er nyleg ferdige med å spele inn sesong tre, som er venta på skjermen over nyttår.

Dei to første sesongane har fått skryt for å ta rånekulturen på alvor, og har gitt oss djupare innblikk i rånemiljøet enn terningar, wunderbaum og brende bildekk. Kva neste sesong har å by på, vil ikkje Solbu seie for mykje om, men litt kan han røpe.

– Det kjem inn eit element av ein slags konkurrerande gjeng, ei anna gruppering av rånarar. Som forstyrrar harmonien i gata ganske kraftig, seier han.

Knut Inge Solbu, utøvande produsent for Rådebank, framfor garasjen til GT ein innspelingsdag i juni. – Det kjennest viktigare og betyr mykje meir enn terningkast og skryt, å kjenne på at ein lagar ein serie som kan gjere ein forskjell for folk, seier han. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Sesong tre

Samtidig loddar òg neste sesong litt djupare. Utøvande produsent Solbu, serieskapar Linn-Jeanethe Kyed, hovudprodusent Tom Marius Kittilsen og regissør Daniel Fahre kjem alle frå Telemark, og har jobba saman på fleire prosjekt tidlegare.

– Vi har i fleire år snakka om å lage eit prosjekt saman der ein legg til rette for språk i ein ungdomsgenerasjon som ikkje får snakka lett om mange vanskelege ting. I første sesongen er det kjærleikssorg. I andre sesongen er det endå tøffare mental helse.

– Summen er å ikkje vere åleine om ting. Å finne eit språk og ein arena for ting ein ikkje bør vere åleine om. Det har vi klart å ta med oss heim, og leggje til rånebygda Bø, fortel Solbu til Nynorsk pressekontor.

Glenn Tore (GT) og Hege og resten av gjengen i tv-serien Rådebank har nådd langt ut over målgruppa, som var ung mann på tjue. Her frå innspeling av sesong tre. Odin Waage speler GT, og Maja Evenshaug Christiansen speler Hege. Foto: Max Emanuelson

Treffer både målgruppa og 80-åringar

Da dei planla dramaserien, var det «ung mann på tjue år» som var definert som målgruppa.

– Tilbakemeldingane frå kjernemålgruppa har vore formidable. Vi er kjempestolte over at vi verkeleg har treft dei, seier Solbu.

I tillegg har dei nådd mykje breiare ut enn det dei hadde venta. For ved å treffe hovudmålgruppa og få dei til å elske produktet, vil ein òg få mange store sekundærmålgrupper, fortel produsenten. Noko dei har fått fleire tilbakemeldingar på.

– Det er spesielt sterkt når vi lager noko som er veldig miljø- og stadsspesifikt og får tilbakemelding frå ein akademikar på 80 år som fortel at det var veldig sterkt å oppleve kjærleikssorg. Sjølv om han aldri har vore rånar, og det er 60 år sidan han var tjue, har vi klart å fortelje ei historie som treffer han òg. Da har vi fått til det vi ønskte oss, seier Solbu.

Har du sett Rådebank?

Har du sett Rådebank?

JA!34
Starta, men slutta. 0
Nei, men skal sjå det. 1
Nei, bryr meg ikkje.2
Svar totalt: 37

 

Opnar for samtalar om det som er vanskeleg

Det har rent inn med tilbakemeldingar, spesielt i sosiale medium. Skodespelarane har fått nesten utelukkande positive tilbakemeldingar. Og mange som gir respons, har fortalt at det siste året har vore tøft.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå fedrar med ungdommar som har hatt ein vanskeleg periode, som har sagt at «Rådebank gav oss moglegheit til ein samtale vi ikkje har hatt før». Vi har òg fått tilbakemeldingar frå psykiatrien om kor vanskeleg det er å nå inn til menn på 20 år, og at serien har hatt betydning for dei i forhold til å skape eit språk.

– Da blir ein ordentleg varm i sjela, om vår tv-underhaldning er med å lette ein del prosessar for folk som treng bistand. Om vi kan hjelpe samtalen i klasserommet og med foreldra, seier Solbu.

Tida er riktig

I mars i år hadde første sesongen av Rådebank nådd ein million sjåarar. Solbu trur noko av suksessen ligg i at timinga har vore god.

– Vi er tidleg ute i noko eg trur er ein internasjonal trend. Det er ein trend i samtida at det er eit ønske om å prate om sjølvmord og ta tak i noko som har vore tabu, seier han, og fortel at dei har ein dialog på gang med fleire internasjonale aktørar om Rådebank som format eller om å vise serien dubba eller teksta.

Innspeling av sesong tre av Rådebank framfor Stasjonsbua i Bø. Foto: Max Emanuelson

– Unge menn og mental helse er ein tung materie som ein tidlegare anten har laga underhaldning eller noko kjedeleg av. Vi har klart å skape noko som er bra å sjå på, mange kan identifisere seg på eit eller anna nivå. Tida for å vise sånne historier er riktig, seier Solbu.

– Det kjennest viktigare og betyr mykje meir enn terningkast og skryt, å kjenne på at ein lager ein serie som kan gjere ein forskjell for folk. Det gir fantastisk energi og pågangsmot og er veldig verdifullt, seier Solbu.


49 av 210 personar svarte på spørsmålet: «Når grein du sist?»
Oppdatert: torsdag 8. juli 2021 08.24

LES OGSÅ

ANNONSE