Regjeringa vurderer vaksine til 16- og 17-åringar
Regjeringa har planar om å tilby 16- og 17-åringane koronavaksine etter at alle over 18 år er fullvaksinerte.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei endeleg avgjerd om dette skal takast i september, opplyser regjeringa.
Folkehelseinstituttet tilrår at 16- og 17- åringane får tilbod om koronavaksine etter at alle over 18 år er fullvaksinerte.
– Vi ønskjer å ha mest mogleg kunnskap om effekt og biverknader før vi vaksinerer personar under 18 år i Noreg. Regjeringa vil derfor vente med ei endeleg avgjerd om vaksinasjon av 16- og 17- åringar til Folkehelseinstituttet har gjort ei ny vurdering i september, seier helseminister Bent Høie (H).
- Les om dei lyse og mørke sidene ved vaksinehistoria for å forstå kva rolle vaksinering speler i samfunnet vårt: Kva er greia med vaksinar og kvar kjem skepsisen frå?