Legemiddelverket: Veit ikkje om menstruasjonsforstyrringar har samanheng med vaksine

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om menstruasjonsforstyrringar kan vere plagsamt og føre til bekymringar, er meldingane vi har fått hittil klassifisert som lite alvorlege, skriv Legemiddelverket på nettsidene sine.

Torsdag førre veke gjekk Legemiddelverket ut og sa at dei hadde behandla i overkant av 50 meldingar om ulike typar menstruasjonsforstyrringar i tilknyting til koronavaksinen.

Auka pågang etter medieoppslag

Sidan då har fleire medium skrive om forstyrringane. Aftenposten skreiv søndag mellom anna om ei kvinne på 55 år som ikkje hadde hatt menstruasjon sidan februar i fjor, men som fekk mensen igjen etter at ho i mai i år fekk Moderna-vaksinen.

Legemiddelverket skriv torsdag denne veka at medieoppslaga har ført til eit auka tal pasientmeldingar, men at dei førebels ikkje veit om forstyrringane har nokon samanheng med vaksinen.

Dei understrekar samtidig at forstyrringar er svært vanleg, og at mange kvinner derfor vil oppleve forstyrringar i tidsmessig relasjon til vaksinasjon.

Ekspertar meiner det ikkje er auka risiko

– Vi vil følgje dette framover, også i samarbeid med andre europeiske styresmakter. I Storbritannia har uavhengige ekspertar vurdert tilsvarande meldingar. Dei meiner at det på noverande tidspunkt ikkje er noko som tyder på at risikoen for menstruasjonsforstyrringar aukar etter vaksinasjon, skriv Legemiddelverket.

I alt har Legemiddelverket til no motteke 17.422 meldingar om mistenkte biverknader etter koronavaksinar. Av desse  er 11.789 meldingar behandla. 1.683 er klassifiserte som alvorlege og 10.106 er klassifiserte som lite alvorlege.


Tamanna Agnihotri er programleiar i nytt prateprogram om mensen, som startar opp på NRK 24. august. Foto: Maria Oliva Rivedal/NRK P3