Senterpartiet vil ha gratis vaksine til russ: – Ikkje lommeboka som skal avgjere

Senterpartiet vil tilby alle avgangselevar på vidaregåande gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. FHI tilrår vaksinen til 16-19-åringar.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen
Publisert

– Det bør ikkje vere lommeboka til russen som avgjer om dei får vern mot ein livstruande sjukdom som smittsam hjernehinnebetennelse, seier Stortings-vara og førstekandidat for Senterpartiet i Sør-Trøndelag, Maren Grøthe, til NTB.

Ifølgje ei kartlegging pasientforeininga LHL har gjort, og som NRK omtalte tysdag, er det i dag berre éin av tre kommunar som tilbyr gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til sine ungdommar.

Vaksinen kan koste opp mot 400 kroner, avhengig av om kommunen dekkjer delar av prisen.

– Det betyr at det er mange som ikkje har eit reelt tilgjengeleg tilbod, seier generalsekretær Magne Wang Fredriksen i LHL til NRK.

Sp: Vi bør ta tak

Ungdom i alderen 16–19 år har høgare risiko for å få sjukdommen, og Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår at desse vurderer å ta vaksinen.

Risikoen aukar også ved festing, lite søvn, høgt alkoholinntak og deling av flasker, glas og sigarettar. Derfor har vaksinasjon i forkant av russetid vore trekt fram som eit aktuelt tiltak.

Tal TV 2 nyleg henta inn frå FHI, viser ei nasjonal vaksinasjonsdekning på 67 prosent blant årets russekull.

– Når éin av tre avgangselevar ikkje er vaksinerte sjølv om FHI tilrår det, er det eit klart signal om at vi bør ta tak, meiner Grøthe i Senterpartiet.

– Avgjerande for tryggleiken

10 prosent av dei som får smittsam hjernehinnebetennelse, døyr av infeksjonen, ifølgje FHI.

I Senterpartiets nye partiprogram, for perioden 2025 – 2029, heiter det at vaksinar mot smittsam hjernehinnebetennelse skal tilbydast alle avgangselevar i vidaregåande skule som ein del av vaksinasjonsprogrammet.

– Vi veit at smittsam hjernehinnebetennelse ofte rammar frisk ungdom på terskelen til vaksenlivet. Å tilby desse gratis vaksine kan vere avgjerande for tryggleiken og helsa til ungdommane, men også spare samfunnet for store kostnader i framtida, seier Grøtte til NTB.