ForUM om ny berekraftsplan: – For lite for seint
I går lanserte regjeringa ein ny berekraftsplan. Forum for utvikling og miljø meiner planen kjem for seint og er for lite ambisiøs.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi står overfor ei alvorleg klima-, natur- og ulikskapskrise, og har få år på å nå FN sine ambisiøse mål. Vi forventa ein plan som ville ta Noreg i ei ny og berekraftig retning, men denne planen stakar dessverre ikkje ut nokon ny kurs for Noreg.
Det uttalar dagleg leiar i Forum for utvikling og miljø (ForUM) Kathrine Sund-Henriksen i ei pressemelding. Regjeringa lanserte onsdag ein handlingsplan for kva Noreg skal gjere for å bidra til at FN sine berekraftsmål blir nådd innan 2030.
ForUM, som er eit nettverk av over 50 norske organisasjonar, meiner planen ikkje svarar på dei reelle utfordringane Noreg har.
– Dette er for lite for seint, seier Sund-Henriksen, og viser til at Solberg-regjeringa lenge har blitt kritisert for å ikkje ha ein plan for Norge sine bidrag til måla.
Framleis ein veg å gå
I 2015 vedtok FN 17 berekraftsmål for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
Onsdag 23. juni blei stortingsmeldinga «Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030» lagt fram. Regjeringa opplyser òg at dei har levert sin andre frivillige rapport til FN.
– Rapporten viser at vi har kome langt med berekraftsmåla i Noreg, men at vi framleis har ein veg å gå, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i ei pressemelding.
Rapporten viser at Noreg skårar bra på berekraftsmåla innan fattigdom, helse, likestilling, fornybar energi og samarbeid, men mindre bra på måla som handlar om forbruk, utslepp og biologisk mangfald.
På SDG-indeksen (Sustainable Development Goals) er Noreg rangert som nummer 6 av FN sine 193 medlemsland.
Inneheld nokre gode grep
ForUM meiner den nye berekraftsplanen ikkje gir tydelege svar på korleis Noreg skal løyse utfordringane med for store utslepp, øydelegging av natur og høgt forbruk.
– Den store utfordringa til Noreg er å sørge for at politikken vi fører ute i verda og heime drar i same retning mot berekraftsmåla. Å nå berekraftsmåla i Noreg og globalt er to sider av same mynt, sier Sund-Henriksen.
Nettverket meiner samstundes at fleire gode grep blir presenterte i planen, som at konsekvensane av alle nye stortingsmeldingar og proposisjonar skal vurderast opp mot berekraftsmåla, og det skal stillast strengare krav til at offentlege kjøp skal vere i tråd med måla.
– Berekraftsmåla må vere med i all norsk politikkutvikling framover for å sikre at lokale, nasjonale, globale tiltak trekker i same retning, avsluttar ForUM-leiaren.
- Les også saka om kva som må til for å kompenasere for vegprosjekt som trugar norsk natur: – Det må ikkje bli for lett å kjøpa seg fri