Nedbygging av natur: – Det må ikkje bli for lett å kjøpa seg fri

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både FN og forskarar ropar varsku. Éin millionar artar kan bli utrydda. Fleire forskarar meiner me nærmar oss ei sjette masseutrydding. Tidlegare har store vulkanutbrot og asteroidar forårsaka dette.

For første gong er det oss menneske som har skulda. Stadig nye landområde blir bygde ned.

I Noreg forsvann 630.000 dekar inngrepsfri natur frå 2013 til 2018. Det tilsvarar om lag 100.000 store fotballbanar. Ifølgje Miljøstatus var då 44 prosent av arealet i Noreg inngrepsfritt. Berre 11,5 prosent av naturen i Noreg er villmarksprega.

Matjorda blir òg bygd ned. I snitt blei over 8000 dekar matjord bygd ned kvart år sidan 2004.

Regnskog mot reisetid

14. juni vedtok fleirtalet på Stortinget Nasjonal Transportplan. Regjeringa vil bruka rekordmykje pengar på vegar dei neste tolv åra.

Eit av dei største enkeltprosjekteta er ferjefri veg mellom Bergen og Stord, det såkalla Hordfast-prosjektet. Med ein planlagt fart på 110 km/t, vil reiseavstanden mellom Bergen og Stord bli redusert med 30 minuttar. Nesten éin million innbyggarar mellom Bergen og Stavanger blir knyta nærmare. Byggekostnaden er rekna til 37,7 milliardar kroner.

Hordfast vil samstundes bygga ned 45 dekar med naturområde av nasjonal verdi. Ifølgje Statsforvaltaren vil det bli det største naturinngrepet i Hordaland nokon gong.

Gul pærelav viser at me er i boreonemoral regnskog. Foto: Eli Mundhjeld, Statens vegvesen

Særleg går det ut over boreonemoral regnskog. Det er éin av dei over 123 naturtypane i Noreg som er raudlista.

Innanfor dei sist kartlagde områda blei det registrert over 700 førekomstar av raudlista plantar, lav, mose og sopp. Det er før alle områda langs den planlagde Hordfast er studert.

Statens vegvesen fekk i vinter i oppdrag å greia ut økologisk kompensasjon for Hordfast.

– Viktig prinsipp

Økologisk kompensasjon er eit verkemiddel som skal kompensera for tapte naturverdiar. Dersom noko natur blir bygd ned, så skal tilsvarande naturverdiar vernast eller byggast opp igjen.

– Det er ein måte me jobbar på i utbyggingsprosjekt der det er store naturområde som går tapt, og det skjer jo dessverre av og til. Då prøver me å kompensera for det gjennom å i alle fall ta vare på andre område, fortel klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til Framtida.no etter å ha tatt den 45 minuttar lange ferjeturen frå Os til Stord.

Sveinung Rotevatn (V) på besøk på Stord på måndag 14. juni. Foto: Snorre Tønset/KLD

Korleis dette vil bli for Hordfast, seier Rotevatn at me må koma tilbake til. Men han viser til at det er prøvd ut nokre andre stader, blant anna i samband med at nokre våtmarksområde i Ringerike blir nedbygd for å gi plass til Ringeriksbanen og ny E16.

Vil setja pris på naturen

Fleire miljøorganisasjonar har tatt til orde for å setja ein pris på naturen, slik at det blir dyrare å bygga ut. WWF Verdas naturfond ønskjer innføring av ei naturavgift som skal sikra gjenoppbygging av natur.

Natur og Ungdom har tatt til orde for naturbudsjett i kommunane, slik at ein må ha oversyn over kva natur ein har, og mål om kor mykje ein skal restaurera og kor lite natur ein har råd til at blir bygd ned.

– Me må setja pris på naturen, men å gå for å berre restaurera eller berre setja ein prislapp er ikkje nødvendigvis løysinga, skriv sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, Sandra Butoyi på epost til Framtida.no.

– Naturavgift kan vera bra, men det er viktig at det ikkje blir for lett å kjøpa seg fri frå å ta naturomsyn. Det må vera mindre økonomisk lønsamt for nedbyggar å øydelegga natur.

Ho meiner økologisk restaurering er eit sårt nødvendig vonde, men meiner at ein ikkje kan sjå vekk frå at det er bygd ned så mykje natur at me er heilt avhengige av å restaurera for å redda dei økosystema.

– Så klart skal ein restaurera naturen, men me må òg satsa på å bevara naturen.

Sandra Butoyi er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom

Krev beinharde prioriteringar

I planlegging av store arealinngripende infrastrukturprosjekt må prioriteringane vera harde og pyramiden vera beinhard, meiner Sandra Butoyi i Natur og Ungdom.

– Først skal ein la vera å bygga ned der ein kan la vera og heller utbetra det som alt er bygd, meiner ho. Så meiner ho ein må gjera prioriteringar over kva natur som skal vernast og kva som skal ofrast når det er heilt nødvendig at ein må bygga ned noko.

– Tilsvarande område i nærleiken av inngrepet må vernast uansett viss ein må bygga ned noko, og til slutt kjem restaurering som tiltaket som er siste utveg i utbyggingssaker, seier Butoyi.

Usikre reglar og fare for «frikjøp»

Ei masteroppgåve av Anna Lundstein og Åsa Haaland har studert dei første fem pilotprosjekta med økologisk kompensasjon i Noreg.

– Hovudutfordringa som går igjen, botnar i at det er eit uklart lovverk og retningslinjer som regulerer bruken av økologisk komensasjon, skriv dei.

Andre utfordringar er uvisse rundt økologiske konsekvensar, mangel på kompensasjonsareal, og kor grensene skal setjast for når ein naturverdi er for verdifull for utbygging.

– I tillegg ser me at det kan vera ein fare for at økologisk kompensasjon blir brukt mot hensikta si, til dømes ved at det blir ei form for «frikjøp» eller at det skaper ein uheldig presedens, skriv Lundstein og Haaland.

Rotevatn: – Skal ikkje vera unnskyldning

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) tilbakeviser at økologisk kompensasjon skal gjera det lettare å bygga ut.

– Eg vil snarare seia tvert i mot. Det kan jo vera kostbart med økologisk kompensasjon, og vera motstand mot det, så det vil ikkje vera politisk enkelt å gå i gang med det. For det vil også bety at ein vil bandlegga andre område som kan få økonomiske konsekvensar. Men det er viktig å gjera det, slik at me ikkje mistar for mykje sårbar natur.

Han meiner økologisk kompensasjon kan vera eit nyttig verktøy.

– Det er ikkje sånn at det fungerer som ein unnskyldning for å bygga ut prosjekt, snarare vil det gjera det vanskelegare å bygga ut, avsluttar Rotevatn.


– Til hausten er det stortingsval, og det er første gong mange av dei som har streika på skulen for klimaet, skal bruka stemmeretten sin, skriv Gaute Eiterjord. Bildet er frå skulestreiken for klima 24. mai 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit