Utøya-sjefen om uferdig minnesmerke: – Heilt håplaust

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein månad før tiårsmarkeringa av terrorhendingane 22. juli i 2011 ser minnestaden på Utøyakaia framleis ut som ein byggjeplass. I mai vart det stadfesta at minnesmerket ikkje kjem til å bli ferdig til 22. juli. Dermed blir det inga offisiell opning i sommar.

Dagleg leiar på Utøya, Jørgen Watne Frydnes, er lite imponert.

– Det er ganske talande at staten ikkje har ein einaste permanent minnestad på plass ti år etter 22. juli, seier Frydnes.

Han samanliknar med minnestaden på Utøya, som stod ferdig i 2015.

– Utøya er ein åstad, og vi har teke omsyn til 85 ulike familiar dei siste åra. Staten har brukt ti år, men har framleis ikkje klart det. Det har vore ein dårleg prosess, seier Frydnes.

Korona, veganlegg og rettssak

Avgjerda om å vente med opninga av minnestaden på Utøyakaia vart teken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i dialog med AUF og Støttegruppa etter 22. juli. Departementet har tidlegare grunngitt utsetjinga med korona og byggjeaktivitet.

Hege Njaa Aschim er kommunikasjonsdirektør hjå Statsbygg. Foto: Statsbygg

Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg stadfestar at koronaviruset har skapt vanskar med mannskap og materiell. Krav til eit veganlegg har òg komplisert byggjeprosessen. I tillegg har det vore forseinkingar på grunn av rettssaka om minnestaden, ifølgje Aschim.

16 naboar saksøkte staten og AUF for å få stansa minnestaden. Dei tapte i tingretten og droppa tidlegare i år å anke dommen.

– Vi er lei oss

– Det er riktig at minnestaden ikkje blir ferdig til tiårsmarkeringa, og det er vi lei oss for alle saman, for det er noko vi har jobba for i fleire år, seier Aschim.

Ho trur minnesmerket vil vere ferdig til neste år.

– Vi er på god veg mot mål, seier Aschim.

Line Hoem (35) er ei av dei som overlevde terroren på Utøya i 2011. No er ho ein av dei fire som er portretterte i dokumentarfilmen Generasjon Utøya. No er ho gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Møre og Romsdal. Ho har lenge slite med etterverknader etter terroren, men opplever betring. Foto: Fenris film

Krav skaper kav

Ifølgje Frydnes kjem derimot av forseinkinga at styresmaktene har valt ei teknisk løysing som er vanskeleg å byggje.

– For meg verkar det heilt håplaust, seier han.

Aschim i Statsbygg vil ikkje kommentere prosessen, men vedgår at krav frå styresmaktene har skapt utfordringar.

– Vi konstaterer at det har vorte stilt ei rekkje styresmaktskrav som gjer at vi får ein kompleksitet i prosessen. Det skaper utfordringar i prosjektgjennomføringa, seier Aschim.

77 søyler

Ho fortel at sjølve minnesmerket kunne stått klart til 22. juli, men at forseinkingane knytt til resten av anlegget var så store at regjeringa vedtok å utsetje opninga. Derfor blir òg oppføringa av sjølve minnesmerket utsett.

Minnestaden skal bestå av ei trapp og 77 tre meter høge søyler i bronse – éi for kvar av dei 77 personane som vart drepne i regjeringskvartalet og på Utøya. Lengda blir på 26 meter.


Dei tre ungdommane var sju år gamle då Noreg blei rysta av terroråtaka 22. juli 2011. Frå venstre: Maria Ulrichsen, Tomas Henden, Ellen Yingli Jørstad Sulebak. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida