Ungdomspartia om raudgrønt fleirtal: – Kan ikkje behandle Senterpartiet, MDG og SV som ei mølje

Vi har spurt kva saker ungdomspartia løftar når Arbeidarpartiet skal finne ut av eit samarbeid på Stortinget.

Åshild Slåen og Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– For Senterpartiet isolert sett så er det eit dårleg val. Men det er raudgrønt fleirtal på Stortinget, og vi er på vippen. Det betyr at alt Arbeidarpartiet skal få gjennom på raudgrøn side, må gjennom oss. Og det er ein posisjon vi skal bruke knallhardt framover.

Det seier Nils Forren, leiar i Senterungdommen, til Framtida.no på telefon i dag tidleg.

Det vart raudgrønt fleirtal med 87 mandat på Stortinget, men Senterpartiet gjekk ned frå 28 representantar til 19 representantar, og landa på 5,6 prosent.

Forren meiner Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum er i ein sterk forhandlingsposisjon, nettopp sidan dei kan gå til høgre på fleire saker.

– Så her skal vi spele begge sider i Stortinget og setje makt bak krava.

Kan gå til høgre

Senterpartiet gjekk ut av regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet i starten av 2025, og det ser ikkje ut som dei kjem inn att med det første.

– Og så er det ikkje sånn at Arbeidarpartiet kan behandle Senterpartiet, MDG og SV som ei mølje. Vi forventar at vi skal bli sett på som ein seriøs budsjettforhandlar av Arbeidarpartiet.

Det er spesielt to ting Forren meiner moderpartiet må stå sterkt på:

– Den viktigaste oppgåva til Senterungdommen er å få fleire folk på bygda til å bli engasjerte i politikk, seier Nils Forren. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Vi må vere knalltydelege på at vi ikkje skal bli knytt tettare til EU sin kraftmarknad. Og at dei satsingane vi har gjort for distriktet skal halde fram å vere med i åra framover også.

I tillegg har han ei trøyst trass i dårleg resultat:

– Sjølv om det er litt trist med dårleg med røyster til Senterpartiet, så klarar eg å kose meg med eit endå dårlegare resultat for partiet Venstre.

Nimrah Ramzan er nestleiar i AUF. | Foto: AUF

AUF: – Pengar til dei som treng det mest

Statsminister Jonas Gahr Støre har uttala at dei ser føre seg ei rein arbeidarpartiregjering, og at det ikkje er aktuelt å gå inn i regjering med MDG og Raudt.

Arbeidarpartiet får 28,2 prosent oppslutning og går opp frå 48 til 53 representantar. Dei er likevel avhengige av å samarbeide med alle andre raudgrøne parti for å få fleirtal på Stortinget.

Nestleiar i AUF, Nimrah Ramzan, er veldig nøgd med resultatet, og stolt over at innsatsen deira resulterer i det dei ønskjer seg:

– Fire nye år med tillit, og fire nye år med at vi brukar pengane på dei som treng det mest og ikkje dei aller, aller rikaste.

Ho trekker fram tre saker dei meiner moderpartiet må stå på: pengar til unge, pengar til dei som har minst, og boikott av Israel, inkludert å trekkje oljefondet sine investeringar ut av landet.

– Det viktigaste for oss er at Arbeidarpartiet gjennomfører arbeidarpartipolitikk i regjering, og at AUF kan vere med og presse på.

Ramzan seier unge kan forvente ei regjering som prioriterer dei, og som vil få til gratis lege for dei på vidaregåande, gratis skulemat i kantina, og gratis førarkort for dei som går yrkesfag.

At Senterpartiet kan vende seg mot borgarleg side, er ho ikkje bekymra for, sidan både Arbeidarpartiet og AUF har samarbeidd godt med dei i perioden som har vore.

– Så trur eg at dei aller beste landbruksoppgjera får ein av Arbeidarpartiet og ikkje av høgresida, og det trur eg også både Senterpartiet og Senterungdommen kjem til å hugse på når ein skal forhandle om saker.

SU: – Tydelegare tyngdepunkt til venstre

Audun Hammer Hovda, leiar i Sosialistisk Ungdom, er ikkje overraska over at Senterpartiet kan finne saman med borgarlege parti.

– Dei har vist fleire gonger sidan dei forlét regjeringa at dei kan finne støtte på høgresida. I ein budsjettavtale vil dei jo vere fristilt, men eg håpar dei skjøner at vegen til betre distriktspolitikk går gjennom venstresida, og at dei held på det samarbeidet.

SV fekk ei oppslutning på 5,5 prosent og ni representantar, ned frå 13 representantar.

Hovda trekker fram Palestina, klima og færre forskjellar som saker han håpar moderpartiet står sterkt på i forhandlingane framover.

– Heldigvis er dette også viktige saker for dei andre mindre partia som er med på venstresida. Det er viktig for oss at det ikkje berre blir eit raudgrønt fleirtal, men at det er eit tydeleg tyngdepunkt til venstre.

Raud Ungdom: – Vil vere vaktbikkje

– Eg er veldig fornøgd, og forventar at det betyr at vi kan stille sterkare og tydelegare krav framover.

Det seier Amrit Kaur, leiar i Raud Ungdom, på telefon til Framtida.no. Moderpartiet har fått til eit historisk godt resultat, med 5,3 prosent oppslutning. Dei får éin representant meir enn i 2021 og er no oppe i ni mandat.

Å få Oljefondet ut av Israel og ein betre klimapolitikk meiner Kaur er noko av det viktigaste å fokusere på i tida framover.

Verken Kaur eller moderpartiet vil ha Raudt inn i regjering. Ungdomspartileiaren vil heller vere «vaktbikkjeparti», og jobbe for saker som fleire studentbustader, heve frikortgrensa og fjerne fråværsgrensa.

GU: – Utruleg deilig å kome over sperregrensa

Grøn Ungdom-leiar Tobias Stokkeland kan gle seg over resultatet for moderpartiet MDG, som får sju mandat på Stortinget.

– Det har framleis ikkje gått opp for meg at vi har klart det. Det har vore fire lange, lange år, og det er så utruleg deilig å kome over sperregrensa for første gong i historia, seier han på telefon til Framtida.no.

Han har også eit litt anna syn på resultatet til Venstre enn Senterungdommen.

No håpar han at samarbeidspartia kan dra Arbeidarpartiet i ei meir grøn og progressiv retning, både når det gjeld klimapolitikk og Gaza.

– Det viktigaste for meg er heilskapen: At vi tek Noreg i ei grønare retning enn Noreg har vore i, gjennom statsbudsjettet.

Han skulle gjerne sett MDG i regjering, men trur det er uaktuelt denne gongen.

– Det kan eg leve med. Det blir budsjettsamarbeid, og då blir det som SV har gjort, at ein forhandlar på ein del heilskapsting.

Sjølv om klima og Gaza er viktig, er også gratis tannhelse ei prioritering for partiet, og der trur han det er enklare å bli samd med dei andre partia.

Tobias Stokkeland er leiar i Grøn Ungdom. | Foto: Einar Nygaard.