AUF lovar å vere «knalltydelege» overfor Arbeidarpartiet om Gaza
Changemaker og Solidaritetsungdommen krev at Noreg trekker oljefondet ut av Israel. Dei får støtte av AUF og dei andre ungdomspartia på venstresida.

– Israel gjer seg skuldig i folkemord mot palestinarar. No må faktisk Noreg trekke oljefondet ut av Israel og rydde opp i retningslinjene slik at vi ikkje bidreg til ulovleg okkupasjon og folkerettsbrot, uttalar Maria Louise Hundeide Godoy, leiaren i Solidaritetsungdommen, i ei pressemelding.
Ungdomsorganisasjonane Changemaker og Solidaritetsungdommen meiner det første den nye regjeringa må gjere, er å trekke oljefondet ut av Israel.

Maria Louise Hundeide Godoy (22) er leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom. Foto: Åshild Slåen
SV-ultimatum
Debatten om Statens pensjonsfond utland (oljefondet) har rasa etter avsløringane om at det var investert i selskapet Bet Shemesh Engines, som driv vedlikehald av israelske kampfly som blir brukt mot Gaza og Next Vision, som produserer dronekamera for det israelske forsvaret.
Oljefondet hadde i slutten av august trekt seg ut av 23 israelske selskap.
Sosialistisk Venstreparti (SV) stilte i august eit ultimatum om at oljefondet trekker alle investeringar som støttar opp om Israels krigføring som ein føresetnad for å forhandle om regjeringsplattform og statsbudsjett med Arbeidarpartiet.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) svarte då at oljefondet ikkje skal vere investert i selskap som medverkar til den ulovlege okkupasjonen av Vestbreidda og den folkerettsstridige krigføringa i Gaza, og at fondet skal trekke seg ut av selskap der Etikkrådet avdekker at investeringane er i strid med dei etiske retningslinjene.
– Det at eit selskap er israelsk, eller at det har ei tilknyting til dei okkuperte områda for eksempel ved at selskapets produkt blir selde på Vestbreidda, er ikkje i seg sjølv grunnlag for utelukking. For oss er det eitt spørsmål som er vesentleg, nemleg om selskapet medverkar til Israels folkerettsbrot, sa Stoltenberg til VG.

Finansminister Jens Stoltenberg blir intervjua om valresultatet utanfor Finansdepartementet tysdag.
Vil ha avklaring
Arbeidarpartiet vart største parti i stortingsvalet, men er avhengige av støtte frå SV, Raudt, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne for å få fleirtal i Stortinget.
– Eg trur det blir viktig å få ei tydeleg avklaring på kva Ap meiner om det ultimatumet SV har stilt knytt til investeringane til oljefondet i Israel, seier leiar av Sosialistisk Ungdom Audun Hammer Hovda på telefon til Framtida.no.
Leiar av Raud Ungdom Amrit Kaur stiller seg bak kravet frå SV.
– Vi må trekke oljefondet heilt ut av Israel. Det er mange selskap som bidreg til okkupasjon og folkemord, men det er også mange selskap som betalar skatt til Israel og legitimerer okkupasjonen, seier ho på telefon til Framtida.no.
Grøn Ungdom-leiar Tobias Stokkeland trur det blir vanskeleg å kome til einigheit i Gaza-saka.
– Det er veldig stor avstand mellom Ap, MDG, SV og Raudt, men ein må jo finne ei løysing og kompromiss. Der håpar eg Ap ønsker å vere konstruktive, seier han til Framtida.no.
AUF sakna Gaza i valkampen
Nestleiar i AUF, Nimrah Ramzan, lovar at dei vil vere «knalltydelege» og stille krav til regjeringa.
– Både om at vi ønsker oljefondet ut av Israel og at vi ønsker ein boikott av Israel, seier ho på telefon til Framtida.no.
– Eg skulle ønske at meir av denne valkampen hadde handla om folkemord på Gaza, om dei 60 000 menneska som har blitt drepne av den israelske staten. Dessverre har ikkje det fått så mykje plass som det hadde fortent. Det er kanskje det største som skjer i verda akkurat no.