«Håndbok mot rasisme» skal hjelpe lærarar i klasserommet: – Ingen born er fødde med rasistiske haldningar

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Boka er ikkje ein fasit på korleis jobbe mot rasisme, men den er eit konkret verktøy som kan stimulere til engasjement, refleksjon og auka forståing, både hos lærarar og elevar, skriv Linda Noor i Minotenk til Framtida.no.

Minotenk er ein organisasjon som arbeider med problemstillingar knytt til minoritetar i Noreg, og fremmar politiske og praktiske løysingar på utfordringane. Med støtte frå Fritt Ord og Bufdir gjev dei no ut ei gratis Håndbok mot rasisme til skular rundt om kring i landet.

– Ingen born er fødde med rasistiske haldningar

Boka er meint å vere eit verktøy for lærarar som vil diskutere rasisme i klasserommet på ein trygg og god måte. Noor håpar boka også vil gjere det lettare for elevar å snakke om og engasjere seg mot rasisme.

Linda Noor i Minotenk håpar handboka kan hjelpe folk å setje ord på kva rasisme er, korleis det vert opplevd og kva konsekvensar det har for både individet og samfunnet. Foto: Minotenk.

– Ingen born er fødde med rasistiske haldningar, og skulen er kanskje den viktigaste arenaen kor me kan motverke rasisme i samfunnet.

Minotenk har i fleire år arrangert referansegrupper, samtalar med elevar og lærarar, skuleføredrag og workshops om rasisme og utanforskap. Det er erfaringane derifrå som dannar grunnlaget for boka.

Den ferdige boka dedikerer dei til Benjamin Labaran Hermansen som vart drepen av nynazistar på Holmlia for 20 år sidan.

– I år er det tjue år siden Benjamin Hermansen vart drepen på grunn av sin hudfarge, og det er ti år sidan terrorangrepa på regjeringskvartalet og Utøya, som også var motivert av eit ekstremt rasistisk tankegods. Ein del slike haldningar finst framleis, og det må me kjempe imot.

Fleire etterlyser rasisme i lærarutdanninga

Framtida.no skreiv i fjor haust om den nyoppstarta organisasjonen Afryea som også ønskte meir fokus på rasisme i skulen.

Afryea Collective er eit nettverk mot rasisme starta av Sandra Abena Nøsen Opoku (23), systera Theresa Elise (20) og Emma Effie Morrison Lund (21) våren 2020.

Etter at George Floyd vart drepen i mai i fjor, oppmoda dei folk om å dele sine opplevingar med rasisme i Noreg. 60 prosent av historiane dei fekk fortalde om hendingar på skulen.

Her er nokre av historiane Afryea fekk om rasisme i skulen. Skjermdump frå Instagram: @afryea.collective

Emma Lund Morrison meiner lærarar lyt få verktøya dei treng for å handtere rasistiske ytringar og spørsmål om rasisme i Noreg, slik at dei ikkje vegrar seg for å diskutere og handtere det. Det sa ho til Framtida.no i eit intervju i fjor. Foto: Privat

Dei tre gründerane var ikkje overraska.

– Vi har alle tre har gått på skule sjølv, og vore den brune jenta i skulegarden, sa Lund (21) til Framtida.no den gongen.

Dei tre etterlyste då fokus på rasisme i skulen, og ønskte rasisme inn i lærarutdanninga og svart historie inn på pensum.

Deler ut gratis klassesett

Boka frå Minotenk kan no lastast ned gratis, og lærarar som ønsker å nytte boka i undervisning kan bestille gratis klassesett. Det er viktig at ei slik bok er tilgjengeleg for alle skular, seier Linda Noor.

– Kampen mot rasisme er altfor viktig til at dårleg skuleøkonomi skal stå i vegen.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V), forfattar, lærar og slampoet Guro Jabulisile Sibeko, varaordførar Kamzy Gunaratnam og forfattar Zeshan Shakar er blant dei mange bidragsytarane i den nylanserte Håndbok mot rasisme.

– Mange veit kva rasisme betyr, kva det handlar om. Men ein veit ikkje kva
rasisme er før ein kjenner det på kroppen, skriv Abid Raja i helsinga si i boka.

Raja fortel så om eigne erfaringar med rasisme i Noreg:

«Det er 15 år sidan no, at eg ein fin vårdag i Bærum trilla mine då tre månedar gamle tvillingdøtre i barnevogna på veg ut til Kalvøya. På brua over var det nokon som hadde tagga «Muslims go home». Det var ikkje første gongen eg hadde lese noko slikt, men noko var anneleis denne gongen. Eg såg på mine døtre, som låg og sov med kvar sin smukk i munnen, og tenkte på kva slags Noreg det var dei skulle vekse opp i, kva bodskap skulle dei møte? Det var då eg forstod at det ikkje er meininga at ein skal tåle rasisme, men at ein må ta til motmæle.»

Noor fortel at interessa frå skulane har vore stor, og at dei derfor allereie har planlagt å trykke opp nytt opplag til hausten. Tidlegare har dei laga likande bøker om seksuell helse og identitet, som også har vorte svært populære.


Bilde av rasistiske utsegner

Rasisme i Noreg.