Ungdomsparti vil boikotte skuledebattar om Alliansen slepp til

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi meiner det er viktig å vise motstand mot Alliansen. Vi synest ikkje noko om at høgreekstremisme skal verte eksponert på vidaregåande skular. 

Det seier Oda Beer-Mølslett, leiar i Raud Ungdom i Innlandet, til NRK, som først omtalte saka.

Raud Ungdom, AUF og Sosialistisk Ungdom har alle varsla at dei vil boikotte dei komande skuledebattane i Innlandet om partiet Alliansen vert invitert til scena.

Til NRK seier Simon Pettersen, leiar av Sosialistisk Ungdom i Innlandet, at dei tre partia er overtydde om at Alliansen er eit høgreekstremt parti med tilknyting til nazistiske miljø i Noreg og Norden.

Nazist-koplingar

Filter Nyheter har tidlegare skrive fleire artiklar som dokumenterer koplingar mellom Alliansen og kjende nynazistiske miljø i Noreg, mellom anna korleis Alliansen koplar tenåringar med nynazistar i valkampen.

Nettavisa avdekte då korleis partiet «har blitt ein arena for norske tenåringar og menn i 20-åra som omfamnar jødehat, raseideologi og nazistiske manifest».

mai skreiv VG at Alliansen har betalt personar for å samle inn signaturar til partiet i førekant av stortingsvalet. Høgre sin justispolitiske talsperson, Peter Frølich, kalla då Alliansen-frontmann Hans Jørgen Lysglimt Johansen ein nazist, og sa:

– Eg vil gå saman med alle mine politiske kollegaar, frå Raudt til Frp, for å knuse dette tankegodset, og alt Lysglimt står for. 

Frontmann Lysglimt Johansen avviser at Alliansen er eit rasistisk, høgreradikalt parti, og seier til NRK at partiet vil stille til alle skuledebattar dei får høve til. Alliansen har ikkje noko partiprogram, og ved førre val fekk dei 3311 stemmer.

Langt over grensa

Ungdomspartia håpar boikotten fører til at fylkeskommunen trekker attende invitasjonen til Alliansen.

Fylkesordførar Even Aleksander Hagen (Ap) seier til NRK at han ikkje ynskjer at Alliansen deltek, og at ytringane partiet har kome med er langt over grensa for kva som kan tolererast og formidlast til ungdom på skulane.