Når Frankrike tar over presidentskapet i EU vil dei innføre fransk som hovudspråk i møte, notat og referat.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder Politico.

Frankrike overtar presidentskapet, eller formannskapet, i Rådet for Den europeiske union i 2022.

No arbeider dei med planar for at fransk skal erstatte engelsk som det offisielle «arbeidsspråket» i EU.

Franske diplomatar har sagt at alle møte på høgt nivå i Rådet skal bli gjennomført på fransk dei seks månadane Frankrike har formannskapet. I tillegg skal notat og referat vere på fransk først, og Rådet ventar at alle brev frå EU-kommisjonen skal vere på fransk.

Viss det kjem eit brev frå EU-kommisjonen på engelsk vil dei rett og slett ikkje svare, skriv Politico.

Fransk er allereie eitt av dei tjuefire offisielle språka i dei europeiske institusjonane, eitt av tre arbeidsspråk i EU-kommisjonen og arbeidsspråk i EU-domsstolen.

Brexit-effekt

Med Storbritannia ute av unionen skal Frankrike sjå sitt snitt til å gi det franske språket ei større rolle i Brussel.

I eit innlegg i Le Figaro frå april i år skriv Frankrike sin Europaminister Clément Beaune og frankofoniminister Jean-Baptiste Lemoyne at EU-presidentskapet er ei moglegheit til å løfte fransken og bruken av han i internasjonale institusjonar.

Dei viser til at over 300 millionar menneske snakkar fransk, og at fransk er offisielt språk i 31 land i verda. Ministrane trekker fram at bruken av fransk i institusjonane i Brussel likevel har minska til fordel for engelsk og Globish, ein forenkla, global engelsk.

Dei understrekar at det ikkje er ein fransk kamp, men ein kollektiv kamp for språkmangfald og fleirspråklegheit. Dei stadfestar at det er sett ned ei arbeidsgruppe for frankofoni (fransk i verda) og fleirspråklegheit i dei europeiske institusjonane.

Ambisiøse planar

Den franske presidenten sine ambisjonar for å løfte statusen det franske språket i verda har lenge vore kjende.

Allereie då han kom til makta i heimlandet uttrykte Emmanuel Macron ønske om å bringe fransken tilbake som eit verdsspråk, og i 2018 lanserte han ein ambisiøs strategi for det franske språket og fleirspråklegheit.

Målet hans er å gjere fransk til eit av dei tre største verdsspråka i det 21. hundreåret og til ein ressurs i globaliseringa. I dag er fransk det femte største verdsspråket.


Kristine Meek Stokke er nyvald leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Privat