Kristine (19) er Europeisk Ungdom sin første kvinnelege leiar på sju år
Ho ville invitert «the Iron lady» på middag.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har mange førebilete, men er særleg glad i Angela Merkel, som er ein stødig og trygg leiar, fortel Kristine Meek Stokke på e-post til Framtida.no.
På landsmøtet 24-25. april vart 19-åringen, som til vanleg studerer europapolitikk ved Kings College i London, vald til ny leiar i Europeisk Ungdom.
Når ho tek over vervet i august håpar Stokke å verte ein tilgjengeleg leiar, som er der for medlemmane og laga i organisasjonen.
– Døra mi (eller no for tida: Zoom-rommet) står alltid open. Samstundes er eg veldig resultatorientert, og likar å ha ein tydeleg strategi og mål.
Ikkje fan av tullete EU-direktiv
Trass sin unge alder har 19-åringen allereie mykje ververfaring i bagasjen – ho har mellom anna vore leiar i Vestre Aker Unge Høgre, styreleiar i UngOrg og nestleiar i Oslo Press.
Kristine Meek Stokke fortel at det var diskusjonane om fritt skuleval som først tente engasjementet hennar, og leia ho inn i Unge Høgre ved valet i 2017.
– I seinare tid er det menneska og mogelegheitene i organisasjons-Noreg som har gjort at eg har halde fram å engasjere meg, forklarar ho.
Den påtroppande leiaren fortel at dei viktigaste sakene for Europeisk Ungdom i 2021 er: å gjenoppbygge fylkeslag i landet etter koronapandemien, spreie informasjon om EU og motbevise etablerte usanningar, og å gjere EU-saka synleg i media over heile landet.
– Kva er hjartesakene dine?
– Sjølvsagt EU og norsk integrering i unionen, men eg er òg veldig oppteken av individuell fridom og grenser for politikk, fortel Stokke og konstaterer:
– Tullete EU-direktiv og sløsing med pengar er eg ikkje fan av.
Hadde 19-åringen vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Noreg har meldt seg inn i Den Europeiske Union!»
Margaret Thatcher og butter chicken
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– Margaret Thatcher. Trass hennar antifeministiske haldning var ho ein pioneer for kvinner i politikken og har truleg rydda veg for oss som kjem etter, fortel Stokke.

Foto: Colourbox, Chris Collins hjå the Margaret Thatcher Foundation/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0
Stokke ville servert den tidlegare britiske statsministeren indisk mat, kanskje ein mild butter chicken.
– I likskap med Thatcher lagar eg òg mykje mat sjølv, haha!

Sheryl Sandberg er driftssjef hjå Facebook.
Om det er ei bok den påtroppande leiaren vil tilrå alle å lese, så er det Lean in av Facebook COO Sheryl Sandberg.
– Ei god bok om kvinner i leiarposisjonar, og eit nyansert syn mellom å snakke om feminisme og det å vere feminisme.
- Unge Sentrum-leiaren ville invitert Alexandria Ocasio-Cortez på pinnekjøt: – Kanskje det ville vore godt nok til at ho ville kome på middagsbesøk ein gong til
Cosplay og endelaus scrolling
På fritida tek Kristine Meek Stokke songtimar og les teikneseriar:
– Eg er ein stor popkultur-fan, og elskar alt av Marvel/DC. Eg har òg tidlegare drive aktivt med Cosplay og kostymelaging.

Kristine Meet Stokke har laga ein eigen versjon av karakteren Yuri frå anime-serien Yuri on Ice. Foto av: Frode Børud
Den største tidstjuven i kvardagen hennar er definitivt Facebook-videoar og endelaus scrolling på Instagram, medan nyheitsvarsel frå BBC og Facebook er måten 19-åringen held seg oppdatert på.
– Kva er idealsamfunnet?
– Eit fritt og trygt Europa med Noreg som EU-medlem!
Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Katt. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELBILLIES? Beyoncé
Kristine Meek Stokke
Frå: Vestre Aker, Oslo. Men heile familien er frå Molde og eg er døypt der.
Alder: 19
Yrke/utdanning: 2. året på bachelor i europapolitikk ved Kings College i London.
Favorittfag på skulen: Engelsk!
Ulike verv: Leiar i Vestre Aker Unge Høyre 2018/2019, Styreleiar i UngOrg 2019/2020 + masse anna opp igjennom tiden.
Medlem i: Europeisk Ungdom, Unge Høyre, YATA, Foreningen Norden, Press og Humanistisk Ungdom.